God kamp av Tambarjentene mot Jølster

Bilde: Litt frukt og pauseprat før 2.omgang starter.

Tambar J13/14 9er var hakket bedre enn Jølster tysdag kveld, og vann fortent med scoring i sluttminutta.

J13/14 9er

Tambar-Jølster 3-2 (2-2)
0-1 Jølster
1-1 Stine
1-2 Jølster
2-2 Stine
3-2 Stine

God dommer: Bjørn Hundershagen

Tambar sitt lag: 

Julie, Cerina, Mathea, Silvia, Karoline, Kamilla, Stine, Anniken, Lea, Johanna, Thea og Nathalie.

Tambar J13/14 sitt 9er lag møtte tysdag kveld Jølster til dyst på Naustdal stadion. Då laga møttes i vårsesongen, var det ein kamp mellom to jamngode lag. Difor hadde vi mistanke om at vi på ny fekk ein spennande kamp mellom Tambarjentene og Jølstratausene denne tysdagkvelden.

At det var Jølster som skulle juble for scoring fyrst i kampen, var mot spelets gang. Tambar hadde starta kampen best og la eit voldsomt press på forsvaret til gjestane i åpningsminutta. Difor var det ein liten kalddusj for heimelaget då scoringa til Jølster kom etter 8 minuttars spel. Til tross for at det ikkje ver heilt fortent, var Tambarsupportarane på sidelinja einige om at målet var av det flotte slaget, med eit fint skot som susa i vinkelen.

Men Tambar datt ikkje i kjellaren sjølv om dei fekk eit mål i mot. Tvert imot, dei kjempa og sleit berre endå meir, og som til slutt gav resultat. Stine mottek ballen inne i feltet i det 23 minutt, held motstandaren på avstand medan ho får snudd seg og sender ballen kontrollert til side for keeper og i mål, 1-1.

Det er ikkje ulovlig å være effektive framfor mål, og det er nettopp det Jølsterjentene er i kveld. Laget har knapt hatt andre sjanser enn målet tidligare i kampen, og på ny er dei frampå og set ballen i mål når klokka passerer 26 minutt. Dermed har dei på ny teke leiinga i kampen, i ein omgang Tambar har vore det førande laget.

Men Tambar svarer fort på tiltale og set sitt andre mål for kampen berre minutter seinare. Etter litt klabb og babb inne ved Jølstermålet er det nok ein gong Stine som scorer for Tambar, då ho frå kort hald smell ballen i målnettet og utlignar til 2-2.

Ingen fleire mål vart det i fyrste omgang og laga går til pause med 2-2.

Andre omgang fortset mykje av det vi såg i omgangen før. Tambar styrer stort sett kampen og kjem til fleire gode målsjanser. Effektiviteten til gjestane frå Jølster er ikkje like god i denne omgangen, men var alikevel farlig frampå ved eit par høve, utan at det gav utteljing.

Det kunne sjå ut som det nok ein gong skulle bli uavgjort og poengdeling mellom dei to laga, då vi nærma oss kampslutt denne flotte spelekvelden på stadion. Men nok ein gong skulle Stine putte eit mål for Tambar denne kvelden. Berre fem minutter før slutt kom den avgjerande scoringa, og dermed tok Tambarjentene fullt fortent sigeren i dette oppgjeret.

Tambar spela ein svært god kamp i kveld, der Stine scora alle Tambar sine tre mål. Men dette var ein lagseier med stor L, der samtlige jenter var med og bidra til at det vart seier og tre poeng.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse