Knepent tap for Tambar J13/14 i hauståpninga

I ein jamnspelt kamp, var det Dale som scora kampens einaste mål.

J1314 Dale-Tambar 1-0 (0-0)

Tambar J13/14 sitt 9er lag åpna haustsesongen borte mot Dale tysdag kveld, der Tambar stilte i dei svarte bortedraktene sine.

I ein til dels jamnspelt kamp mellom dei to laga, var det heimelaget som var hakket kvassare og som ville mest ute på grasmatta. Mål vart det til ingen av laga i første omgang, og nærast var Tambar då Karoline smelte ballen i stanga like før pause.

I andre omgang fortsette kampbildet som i første. I motsetning til omgangen før, vart det bokført eit mål i denne. Dessverre var det heimelaget som fekk ballen i mål, ei scoring som nok skulle vore annulert på grunn av offside. Ikkje alt kan dommarane få med seg. Den 15 år gamle jenta som dømte kampen, dømte forøvrig veldig bra.

Tambar kom meir med dei siste ti minuttane, og styrte då det meste på bana. Dessverre kom sluttspurten litt seint, og kampen enda med heimesiger 1-0.

Nokre bilder frå kampen.

Fremviser kan endres via Redigere bildeliste -> Fremviser.
Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

Bilde

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse