Småjentelaget i jamn kamp mot Jølster

Bilde: Frå kveldens kamp mellom Tambar J13/14 og Jølster J13/14.

Tambar og Jølster delte poenga då laga møttes til 9er kamp i klasse J13/14 på Naustdal stadion tysdag kveld.

Tambar tok imot Jølster i kveldssola på stadion i kveld. 
Første del av kampen var jamnspelt utan dei store sjansane til nokon av laga. Tambar spelte bra, men det gjorde Jølster og.

J13/14 9er
Tambar-Jølster 1-1 (1-0)
1-0 Kamilla
1-1 Jølster

Desse spelte: Cerina, Karoline, Silvia, Mathea, Kamilla, Stine KB, Julie, Anniken, Johanna, Oda, Aurora, Linnea og Nathalie.
Alle spelarane gjorde det veldig bra i kveldens kamp.

Dommer: Harald Johannes Røyseth dømde veldig bra.

23 min: Første målsjanse. Silvia skyt og keeper må gi retur. Kamilla er nær å sette ballen i mål.

25 min: Silvia med raid på høgresida. Ho kjem forbi tre Jølster-spelarar, kjem til dødlinja og får lagt eit bra innlegg. Kamilla er på rett plass og set enkelt inlegget i mål til 1-0.

33 min: Kjempesjanse til Jølster. Ballen treff stolpen til høgre for keeper, før den går vidare og treff stolpen til venstre for keeper. Tambar og heimesupporterane slapp med skrekken her.

1-0 til pause. Eit greit resultat når ein ser på spelet totalt sett.

2.omgang startar Tambar best, men kjem ikkje til dei store målsjansane.

48 min: Jølster kjem åleine mot keeper, med Julie reddar med flott beinparade.

50 min: Stine får lagt inn frå venstresida. Silvia er nær å score men ballen går ut til corner. Corneren slår Silvia høgt inn i feltet framfor mål. Cerina headar like over.

60 min: Silvia spelar fri Stine som kjem åleine mot keeper, men ballen blir redda. 
I same speleminutt skyt Karoline i nettveggen frå venstrekanten.

62 min : Jølster kjem til skuddmulighet, og skotet går like utanfor.

63 min: Jølster greier å halde eit visst press i angrep no, og dei får inn utlikninga. 1-1.

Etter dette kjempa Tambarspelarane hardt for å få eit mål til, men lykkast dessverre ikkje. 
Kampen endar 1-1 sjølv om Tambar var hakket betre spelemessig.

Det gjenstår ein kamp i vårsesongen. Det er bortekamp mot Førde 4 om ei veke. 
Andreplassen i avdelinga bak eit toppa Førde 1 lag, er absolutt innan rekkevidde. Så still opp og hei på laget om ei veke.

Ref: Arild Bruflot

Bilder frå kampen

 

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse