Årsbeste av Tambar då laget vann mot Breimsbygda

Bilde: Nøgde Tambarjenter etter den gode kampen mot Breimsbygda.

Tambar J13/14 sitt 9er lag spelte sin beste kamp for sesongen, då laget vann 3-1 borte mot Breimsbygda tysdag kveld.

I kveld var det klart for bortekamp for 9ar-laget på Reed stadion mot Breimsbygda.
Kampen vart spelt i kveldssol og ca 18 grader. Tambar stillte med ein bra gjeng supporterar i godveret.

 

J13/14 9er – Reed stadion
Breimsbygda-Tambar 1-3 (1-2)
0-1 Kamilla
1-1 Breimsbygda
1-2 Kamilla
1-3 Lea

Desse spelte for Tambar: Mathea, Cerina, Silvia, Karoline, Julie, Kamilla, Lea, Johanna, Thea, Anniken, Aurora og Oda.

Tambar tok ganske raskt initiativet i kampen, og starten av første omgang var det mykje bra pasningsspel ut mot kantane som igjen vart til gode innlegg. 

11 minutt: Cerina slår ein god corner frå venstre, som Kamilla etter litt fram og tilbake greier å få i mål til 0-1 leiing! 
12 minutt:Kamilla kjem på løp åleine mot keeper, men keeper greier å få slått til corner. 
14 minutt: Silvia slår corner frå høgre som blir ein kjempesjanse av, men avslutninga går like utanfor.
16 minutt: Breimsbygda får straffe etter ein hands, og utliknar til 1-1.
18 minutt: Kamilla kjem igjen åleine med keeper, og denne gangen går ballen i mål til 1-2!
21 minutt: Mathea slår ein perfekt skrupasning over forsvaret til motstandarane, framover mot Kamilla. Ho startar på løp og er på veg åleine mot keeper igjen, men blir avblåst for ein hårfin offside. 
34 minutt: Silvia slår ein god pasning frå høgresida, som treff Johanna, men ballen går dessverre like utanfor. 
35 minutt: Skot frå Silvia på høgrekanten som går like utanfor.
1-2 til pause.

I 2. omgang fortset Tambar med mykje bra spel. 

42 minutt: Hardt skot frå Silvia som keeper får slått ut. 
45 minutt: Nytt inlegg frå Silvia på høgrekant. Lea sparkar til på direkten, men ballen går litt utanfor. 
47 minutt: Karoline skyt i stolpen frå venstresida. 
47 minutt: Kjempesjanse til Breimsbygda. Nesten utlikning då ballen treff tverrliggar. 
52 minutt: Karoline med godt innlegg frå venstre. Johanna kjempar ballen i mål, men blir avblåst for angrep på keeper. 
57 minutt: Lea blir pressa av fleire spelarar medan ho spring med ballen nedover på venstresida. Lea gir alt, kjempar seg innover mot midten av bana og set inn eit meget bra mål. 1-3 til Tambar!
63 minutt: Nytt hardt skot frå Karoline. Like over.
64 minutt: Julie som spelte ute delar av 2. omgang, kjem til ein bra sjanse, men skotet blir avverga av keeper. 
Etter dette klarar Tambar å kontrollere inn seieren til 1-3. Totalt sett god kjemping i duellane, mykje bra pasningsspel, god bruk av kantane, mange gode innlegg og avslutingar, og ikkje minst veldig bra forsvarsspel og gode målvakter.
Meget god innsats og bra spel av ALLE som var med i dag, også med tanke på at heimelaget var eit reint 14 års lag.
Gratulerer med seieren til jentene! Fullt fortjent.

Ref.: Arild Bruflot

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse