Småjentene med knepent tap mot Jølster

Bilde: J13/14 9er Jølster-Tambar. Foto: Øystein Ullaland.

Tambar J13/14 9er var det beste laget, men måtte returnere frå Jølster med tap og null poeng.

SMJ 9ar Skei kunstgras
Jølster-Tambarskjelvar 2-1 (1-1)
4 min: 0-1 Silvia
35 min: 1-1 Jølster 
67 min: 2-1 Jølster

Det første målet kom etter ein bra slått corner frå Johanna. Silvia var på rett plass og sette inn 0-1. Resten av omgangen var det mykje kjemping frå begge lag utan at det vart så mange store sjansar, bortsett frå utlikninga til Jølster som kom på overtid. Tambar hadde likevel det beste spelet og flest (halv)sjansar.

I 2. omgang hadde Tambar fortsatt eit visst overtak, med stort sett godt forvarsspel og fleire bra angrep, men avslutningane sat ikkje heilt. 
Scoringa til Jølster mot slutten av omgangen var difor litt mot spelets gang. 
Dermed vart det eit litt surt bortetap i kveldens kamp.

Desse spelte: Julie, Kamilla, Cerina, Silvia, Mathea, Karoline, Anniken, Thea, Johanna, Aurora, Oda og Lea.

Ref.: Arild Bruflot.

Bilder frå kampen. Foto: Øystein Ullaland.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse