Tambarjentene med storseier over Breimsbygda

Bilde: Lea i kamp mot ein spelar frå Breimsbygda i kveld.

Tambar scora åtte mål i tysdagens kamp på Naustdal stadion, der heile sju Tambarspelarar kom på scoringslista.

Etter ein litt tøff start på sesongen i første kamp, med eit (aldri så lite 0-12) tap mot eit toppa Førde 1 lag, var det i kveld ny heimekamp mot Breimsbygda. 

Mange var nok spente på denne kampen. Breimsbygda er ikkje noko dårleg lag, og har før denne kampen vunne 7-0 mot Førde 4, og 4-2 mot Jølster. 

Desse spelte for Tambar: Silvia, Karoline, Anniken, Anette, Lea, Julie, Thea, Oda, Kamilla, Cerina, Johanna og Mathea. 

J13/14 9er
Tambar-Breimsbygda 8-3 (6-1)

2 min: 0-1 Tambar var kankskje ikkje heilt på hogget ved det første angrepet til Breimsbygda, og etter to minutt tok bortelaget leiinga. 
4 min: 1-1 Etter litt beskjedar frå trenarane på sidelinja slo Tambar raskt tilbake. Anniken sette inn utlikninga med eit flott langskot.
6 min: 2-1 Kamilla er frampå og sender Tambar i leiinga.
15 min: 3-1 kom etter eit veldig flott angrep med godt pasningsspel. Lea sette ballen i mål. 
25min: 4-1 etter scoring av Johanna.
29 min: 5-1 Karoline etter flott skot med «venstreslegga».
35 min; 6-1 Kamilla scorer sitt andre mål i kampen.
39 min: 7-1 Oda scora med eit bra langskot.
65 min: 7-2 Breimsbygda.
67 min: 7-3 Breimsbygda. 
69 min: 8-3 ved Anette. 
Kort oppsummert hadde laget stort sett god kontroll i dei bakre rekker. Midtbana jobba godt. Når laget i tillegg var gode framover i angrep vart resultatet bra.
Ein flott opptur for laget.

Ref.: Arild Bruflot

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse