Tambar vann alle kampane sine

Tambar J13/14 9er gjekk gjennom 2.divisjon avd.2 uten å avgi poeng, og tysdag kveld vann dei sin åttande kamp av åtte mulige.

Årets siste seriekamp vart spelt på Naustdal stadion tysdag kveld, då J13/14 9er møtte Førde 3 til kamp. Spørsmålet denne kvelden var blant anna om Tambarjentene skulle klare å gå gjennom haustsesongen med berre seierer, eller om Førdejentene skulle klare å «stikke kjepper i hjulet» for heimelaget.

J13/14 9er 2.divisjon avd.2

Tambar-Førde 3 4-2 (0-2)
0-1 Førde 3
0-2 Førde 3
1-2 Mathea
2-2 Kamilla
3-2 Agathe
4-2 Una

Dommer: Martin Hukset, prikkfri kamp!

Og det såg ut som Førde 3 ville ta «skalpen» på Tambarjentene i kveld, for det var spelarane til Førdetrener Johan Pettersen som kom best i gang. Medan Tambarjentene såg overtente ut, klarte Førde 3 å kjempe Tambar ut av stilen. Med lange baller opp mot sin einslige spiss, klarte laget å gjere det utrygt for Tambarforsvaret ved fleire høve.  Og ved to tilfelle i første omgang gav dette resultat av at ballen gjekk bak Julie i Tambarmålet. Og uten nettkjenning til Tambar i denne omgangen, kunne dommar Martin Hukset blåse til pause med 2-0 leiing til Førde 3.

Tambarjentene har hatt det som «vane» å ha litt trege starter på seriekampane sine, der dei ofte må bruke ein del tid før dei blir skikkeleg på «høgget». Slik vart det også i denne kampen.

For det var eit meir konsentrert, spelande og kjempande lag vi såg i andre omgang. Og vi trong ikkje vente lenge før reduseringa kom, då Mathea sette inn Tambar sitt første mål for kvelden, og 1-2.

Utligninga til 2-2 låg i lufta ei stund, før Kamilla var frampå og kjempa ballen i mål, etter litt klabb og babb inne i målfeltet til Førde 3.

Tambar er gode no, og ruller opp det eine etter det andre angrepet. Det er difor heilt fortent at laget går opp i leiinga, når Agathe får ballen etter fint spel, der ho får tid å plassere ballen utagbart til sides for keeper og i mål. Dermed har Tambar snudd kampen, frå 0-2 til 3-2 leiing.

Spikeren i kista sette Una, då ho på mesterleg vis sette ballen kontant i mål med høgrefoten på ein god corner av Fride.

Dermed vart det nok ein seier for Tambarjentene, som har gått gjennom haustsesongen med 8 seierer av 8 mulige. Laget har vore suveren i sin avdeling, og enda med 10 poeng før lag nummer to på tabellen.

Tabell


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse