Tambar best, trass tap, mot avdelingsvinnaren

Bilde: Eit minutt stillheit før kampen Eikefjord-Tambar.

Tambar J13/14 7er hadde mange store målsjanser og spela god fotball, men måtte gå av bana med eit utfortent tap mot Eikefjord.

Fredag kveld spela SMJ sesongens siste 7ar-kamp som var borte mot Eikefjord. Dette var nok på forhånd av mange rekna som det tøffaste laget å møte. Dei hadde allereie vunne serien før denne kampen.

J13/14 7er Eikefjord-Tambar 8-6 (5-2)
12 min: 1-0 Eikefjord 
15 min: 1-1 Fride 
16 min: 1-2 Silvia 
21 min: 2-2 Eikefjord 
30 min: 3-2 Eikefjord 
31 min: 4-2 Eikefjord
33 min: 5-2 Eikefjord 
39 min: 5-3 Trine
45 min: 5-4 Silvia 
48 min: 5-5 Fride 
49 min: 5-6 Guro 
55 min: 6-6 Eikefjord 
64 min: 7-6 Eikefjord 
68 min: 8-6 Eikefjord

Desse spelte: Stine SD, Agathe, Fride, Guro, Henriette, Kamilla, Karoline, Una, Wioletta, Slilvia og Trine.

Dommar: Per-Øyvind Sørbø, Eikefjord Fotball.


Skal ikkje gå så mykje i detaljar, men vi kan sei at Tambar var det beste laget spelemessig, og vi hadde flest målsjansar. Vi hadde ikkje heilt hellet med oss framfor mål i dag. 
Det vart visstnok kommentert frå Eikefjordsupporterane at pasningsspelet vårt var som å sjå Barcelona.
Så må ein nemne at Eikefjord har eit par meget gode avsluttarar, som gjorde at dei fekk bra utteljing på sjansane sine. 
Første målet til Tambar kom etter eit glimrande framspel frå Una til Fride. Ho kom åleine med keeper og gjorde ingen feil.
Andre målet kom etter flott angrepssspel og avslutning frå Silvia på høgrekanten.
Tredje målet sette Trine inn etter nok eit flott angrep.
Fjerde målet til Tambar sette Silvia inn. Dette og etter avslutning frå høgresida. 
Femte målet var eit flott skot frå Fride, og sjette målet sette Guro inn med flott avslutning etter godt angrepsspel.

Sjølv om vi fekk ein del mål mot oss gjorde keeper og forsvar ein meget god jobb på linje med alle andre som spelte i kveld. 
Keeper hadde fleire meget gode redningar.

Oppsummert må vi sei at sesongen totalt sett har vore veldig bra. I haust har 7ar-laget kun tapt denne kampen, og det har vore vist veldig mykje bra spel i mange kampar.

Ref.: Arild Bruflot.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse