Tambar drog til byen i vest og laga fotballfest

Bilde: Tambar J13/14 sesongen 2017.
Tambar J13/14 9er vann sin største seier for sesongen og spelte sin beste kamp, då laget laga målfest i Florø tysdag kveld.

Med ei kveldssol som skapte magisk lys over himmelen i det vi ankom Florø, var stemninga sett for kveldens kamp mot Florø sitt småjentelag. Stikkordet er magisk og når vi i tillegg vart møt med regnboge over stadion, var spørsmålet før kampstart om vi kom til å finne "gullgryta" og kunne ta med tre poeng heim til Naustdal.

J13/14 9ar 2. divisjon avd 2
Florø stadion, kunstgras

Florø - Tambarskjelvar 0 - 12 (0 - 5)
0-1 sjølvmål (Fride)
0-2 sjølvmål (Fride)
0-3 Amalie 
0-4 Mathea 
0-5 Guro 
0-6 Fride 
0-7 Una 
0-8 Trine 
0-9 Mathea 
0-10 Mathea 
0-11 sjølvmål (Agathe)
0-12 sjølvmål (Amalie)

Tambar: Julie - Henriette, Una, Hanne, Cerina, Amalie, Agathe, Trine, Mathea, Fride, Stine, Guro.

Dommar: Ragnar "Raggen" Åmot

 

Dagens dommar,evigunge Ragnar Åmot, ønska velkommen og klart til kamp. For dei fotballintresserte er "Raggen" ei legende i Sogn og Fjordane fotballkrets. Med over 40 års erfaring som dommar, og med kampar heilt opp i dei to øverste divisjonane, var det ikkje tvil om at kampledelesen var i dei beste hender denne kvelden.

Tambar starta forsiktig og med litt høge skuldrar. Etter noko famling i starten, sat spelet etter kvart meir og meir. Jentene fant plassane sine og vart tryggare i press og pasningsspel. Kampen gjennom var det innsats og godt samspel frå alle jentene som vart vist fram.

I midten av 1. omgang løsna det, då den forløysande 1. scoringa kom. Herifrå og ut såg tambarjentene seg aldri tilbake. Flotte kombinasjonar og fint spel ut mot kantane gav mange flotte innlegg og målsjansar. Godt press og tett på motspelarane gav Florø lite rom og tid til å spele framover på bana. Forsvaret og keeper jobba godt saman dei få gangane Florø var nære å komme gjennom.

Innsats som i kveldens kamp gir resultat. 6 ulike spelarar noterte seg for mål i kveld. Mange fleire hadde store sjansar. Innsatsen, samspelet og fotballgleda som jentene viste, varma på Florø stadion.

For eksempel når Stine satte inn turboen og la i veg etter ein ball på veg ut over kortlinja. Ho holdt ballen i spel og kunne fort spelt laget til nok ein stor sjanse. Dette var i andre omgang med ei komfortabel leiing. Eller når Una som siste forsvarar fulgte ei av florøjentene i ein kraftig løpsduell frå midten og mot eigen sekstenmeter. Og i det florøspelaren såg ut til å komme til avslutning, sette Una inn ei perfekt takling og klarerte ballen enkelt ut på sida. To små eksempel på gjennomført og god innsats i begge endar av bana.

Til slutt blei det eit stort resultat mot Florø i kveld. Florø skal ha ros for god forsvarsspel og godt keeeperspel. Sjølv om tambar vant med komfortable 12-0 var det etter å ha kjempa ned eit godt organisert Florø med flott spel.

Tambar har vist solid framgang og godt spel i dei siste kampane. No ventar ny bortekamp mot Eikefjord for 7ar laget på fredag og siste kamp for sesongen for 9ar laget om to veker. No er det berre å møte opp og følge jentene i dei to siste kampane i den flotte haustsessongen. Truleg må det settast opp ekstra bilar i retning Eikefjord kommande fredag, og så reknar fotballgruppa med at det vert publikumsrekord heime på Naustdal stadion tysdag 31.oktober - "Vi riggar stadion for storinnrykk og må truleg lage ei ekstra lapperøre til siste heimekamp, dette må bli bra", var Frank (leiar i fotballgruppa) sin korte kommentar etter kampen i Florø.

Mål:
0-1 Fride til kortlinja og slår eit lågt innlegg framfor mål. Ein Florøspelar sklir ballen i eige mål.
0-2 Fint spel på venstre side som resulterer i eit innlegg mot midten. Fride får kasta seg ned og får foten på ballen. Ballen går via ein florøspelar og i mål. 
0-3 Amalie ligg bredt på høgresida. ho får ballen og går fint forbi sin forsvarar. Skrår innover mot mål og avsluttar mot nærmaste stolpe. Ballen smyg seg flott inn mellom keeper og stolpen.
0-4 Flotte kombinasjonar i forkant av målet. Agathe vrir spelet ut til Amalie på høgre kant. Ho kjem seg fri og får slått inn i feltet. Der møter Mathea ballen på flott vis og i ein tett duell med ein florøforsvarar får ho foten først på ballen som går i ei lekker bue over keeper og i mål.
0-5 Nok eit flott mål etter hærleg spel på høgre. Amalie legg inn og når Guro på mesterlig vis set venstrefoten på ballen i det den sprett, er det berre eit mogeleg utfall. Ein susar som sit høgt i målet bak Florø sin keeper.

Pause

0-6 Amalie er frampå på høgresida og kjem seg fri og legg an til avslutning. På mesterlieg vis får ein florøforsvarar kasta fram foten og blokkert. Men Amalie gir seg ikkje. Ho vinn att returen, driblar seg fri og legg inn til Fride i midten. Fride avsluttar kaldt og roleg i hjørnet.
0-7 Agathe slår eit fint hjørnespark som dalar ned vedd bakerste stolpe. Der kjem Una fint inn og set panna kontrollert på ballen som går i bakken og i mål.
0-8 nytt hjørnespark, denne gang frå Fride. På ny går ballen i ei fin bue inn i feltet. I enden av bua møter ballen foten til Trine. Ballen har ikkje noko val, den finn vegen til mål.
0-9 Mathea avanserer ute på høgresida. Ho slår ballen inn mot mål i ei høg bue. Truleg lurte ho alle som venta innlegg og slo difor ein hærleg ball som dalar og dalar og til slutt går i mål ved bakerste stolpe.
0-10 Stine vender flott opp inne i feltet og avsluttar hardt mot hjørnet. Keeper får kasta seg og stoppar forsøket. På returen er Mathea våken og kan sette inn sitt tredje mål for kvelden.
0-11 Nytt godt slått hjørnespark. Agathe serverer og keeper til Florø forsøker å stoppe den høge ballen. Ho slår den vidare og den dalar ned mot streken. Florø prøver å slå den vekk men ballen endar i målet til slutt.
0-12 Amalie frå hjørnespark denne gangen. Perfekt slått inn i feltet. Der kjem Una inn og er i ryggen på ein florøspelar som på nytt er uheldig og set ballen i eige mål.

Ein magisk fotballkveld var over. Terningkast seks og gullgryta under regnbogen kunne returnere til Naustdal med tre nye poeng. Takk for fin fotball jenter!

Ref.: Ludvig Slettehaug

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse