Tambar og Jølster delte poenga i kveld

Bilde: Pauseprat på Vassenden. Foto: Cerina Hjelle Cirotzki

Silvia og Cerina debuterer i kveld som refferenter, og under kan du lese om kampen mellom Jølster 2 og Tambar i klasse J13/14 7er.

J13/14 7er

Jølster 2-Tambar 2-2 (1-1)

0-1 Amalie
1-1 Jølster 2
2-1 Jølster 2
2-2 Guro

 

Nok ein jamn og spennande kamp mot Jølster. Jentene, 3 sjåførar, trenar og 2 supporterar/referentar tok turen i god sommertemperatur på Vassenden.

1.omgang

1-0 til Tambar etter 6min. Flott mottak av Amalie etter pasning av Kamilla, som vender og skyt hardt oppe i høgre vinkel.

20 min, Jølsterspelar dribla forbi nokon spelarar. Stine slengte seg skubba vekk ballen, Jølster når den og skyt frå nesten død vinkel, 1-1.

Ca.25 min inn i kampen. Karoline skyt stang ut, Trine skyt på retur, men keeper tok ballen og det blei corner.

Ca.30 min inn i kampen. Trine driblar forbi spelar og forsøker eit skudd, men ballen skrur seg utanfor mål. Bra forsøk Trine.

Pause.

2.omgang

5 min i andre omgang. 2-1. Jølster spelar skaut på keeper, Stine bokser ut ballen, Jølsterspelar prøver seg på eit skot, Una går inn for å beskytte målet, Jølsterspelar skyt på Una, men ballen gjekk inn i mål.

14 Min, Karoline drar seg flott forbi på venstrekanten og skyt i tverrligger og ned på streken, Guro når nesten returen, nære utligning.

2-2 17 min i andre omgang. Guro får langpasning av Una forran mål og Guro vender og skårar fint med godfoten. Bra jabba Tambar.

Jølster hadde stor sjanse men Stine S.D. skubba vekk ballen, Jølster tar ballen og skyt men Stine redder igjen. Flott redning

Frispark til Jølster, Hanne og Una sto i mur, Stine reddar til corner.

Mange gode sjanser til begge lag og mange gode redninga av Stine.

Kampen slutta 2-2.

Jølster gjer som vi, og rullerer på spelarane og stilte i dag og, eit godt lag som gav jentene våre god motstand. Flott innsats av alle 10, kjekt med slike kampar.

Referentar
Cerina Cirotzki og Silvia Røyseth Bruflot.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse