Jentene tok sin femte strake seier - står uten poengtap i haust

Bilde: Taktikkprat før kampen. Foto: Ludvig Slettehaug.

Tambar J13/14 9er tok ein sterk seier mot Førde 2 på bortebane tysdag kveld, då laget vann kampen 4-1.

Halvegs ut i kampprogrammet for for hausten, stod Førde 2 oppført som motstandarar i Hafstadpaken. I første møte mellom laga i Naustdal i vår, vann Tambar sine jenter 1-0 etter ei sein scoring i kampen. Dermed var det venta at det ville bli ein tett og jevn kamp mot Førde sine jenter.

J13/14 9ar 2. div avd 2
Førde 2 - Tambarskjelvar 1-4 (1-2)

1-0 Førde 2
1-1 Fride 
1-2 Fride 
1-3 Mathea 
1-4 Fride

Tambar: Julie- Henriette, Una, Hanne - Trine, Silvia, Agathe, Cerina, Victoria - Fride, Mathea, Guro.

Før kampen var det ein konsentrert gjeng som gjekk gjennom taktikken og fekk dei siste påminningar om sideforskyvingar og andre taktiske moment.

Ved kampstart såg vi eit heiltent Førdelag som gjekk tøft og raskt inn i duellane. Første store sjansen kom også til Førde etter at ein førdespelar vant ballen heilt på linja ved midtbana. Frå høgre slo ho ein perfekt bua ball forbi forsvaret og mot midten. Spissen til heimelaget var forberedt og starta løpet sitt perfekt. Åleine gjennom gjorde ho ingen feil og sette ballen forbi ein utrusande keeper. 1-0 til Førde etter 5 min.

Utover i omgangen kjempa Tambarjentene seg tilbake og tok etter kvart meir over spelet. Litt startnervar vart rista av og og laget spelte seg fram til fleire sjansar. Sjølv om Førde var farlege på nokre lange gjennomspel i midten, kom dei ikkje til dei heilt store avslutningane.

I midten stod Una sterkt og fekk avklart mange av Førde sine forsøk på å spele gjennom i midten. På backplassane vart det også jobba godt for å demme opp for førdespelarane. Kontrollen bakover gjorde at Tambar fekk flytta spelet framover og sakte men sikkert kom avslutningar og spel ut mot kantane.

Etter 25 min kom også utlikninga. Eit perfekt og langt utspel frå Julie vart ekspedert vidare til Fride. På kjent vis fekk ho kjempa med seg ballen og satte den tilslutt kontrollert forbi keeper.

Deilig å få utlikninga på plass, og fortjent var det også. I denne fasen var jentene gode, aggressive og viste eit heilt anna tempo enn Førde.

Fride var mellom anna framme og forsøkte å helsparke ballen i det åpne målet etter ein duell med Førde sin keeper. Desverre like utanfor.

Men jentene gav seg ikkje. Like før slutt fekk Fride ballen i midten, gjekk gjennom forsvaret og scora på nytt. Dette var det siste som skjedde før pause. Dei gule og kule kunne gå til pause etter å ha snudd kampen.

Kaffi, frukt og pauseprat på ein perfekt haustkveld i Førde. Med ei forrykande avslutninga av jentene våre i 1.omgang, kunne vi ikkje anna enn å glede oss til 2. omgangen skulle starte.

Og dei to laga skuffa ikkje. Det bølga litt i starten. Men bakover var Tambar gode. Keeper og forsvaret samarbeida godt og tok kontroll på alt som kom av lange framspel. Framover brukte Tambar bredda godt og kom dermed til gode sjansar gjennom løp og innlegg frå kantane.

Keeper og forsvaret til Førde fekk mykje å gjere utover i omgangen. På eit tidspunkt small det også så hardt i metallet bak og over Førde sin keeper, at målet såg ut til å flytte seg nokre centimeter. Og flotte mål kom det etter kvart.

Etter nokre halvsjansar der det ikkje heilt stemte i den siste fasen inn mot motstandaren sitt mål, sat pasninga og løpet i midten perfekt. Fride med ball litt ute på bana såg ei åpning og slo ein perfekt ball gjennom forsvaret og til Mathea på eit perfekt løp. Åleine med keeper tok ho seg tid nok til å få kontroll og lagt ballen til rette før ho sette ballen til side for keeper til 3-1 leiing for Tambar. Vakkert mål.

Og så kom kom prikken over i-en til slutt i omgangen. På eit hjørnespark skrudd ut i feltet gjekk ballen i retning av Una som stod plasser midt i feltet. Men Una var ikkje den einaste i gult i feltet, for plutseleg dukka Fride opp og gav ballen eit perfekt støt med hovudet. Keeper til Førde var på veg ut i feltet men kom på halvdistanse og var spelt ut når ballen frå Fride gjekk i ei fin bue over alle og inn i mål. Nok eit vakkert mål og det fastsette sluttresultatet til 4-1 til Tambar sine jenter.

Nok ein flott kamp av Tambarjentene. Førde var tett på og gav mykje motstand. Sjølv om heimelaget spelte mykje høgt og langt i midten, klarte Tambar på ein fin måte og demme opp for denne spelestilen. Godt å sjå at laget klarte å ta kontroll på ballen og spele sitt eige spel. Med god innsats og samarbeid i heile laget kom laget vårt til mange gode avslutningar.
Ein fantastisk sommar og haustsessong så langt.

Resultater og tabell

Ref.: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse