Tambar med nok ein sterk seier

Med to seierer på rad mot lag framfor seg på tabellen den siste veka, nærmar Tambar J13/14 sitt 7er-lag seg toppen på tabellen.

Tambar sitt J13/14 7er lag klatra på tabellen etter seieren mot Askvoll/Holmedal på Naustdal stadion fredag kveld, og ligg no på ein delt tredjeplass ilag med nettopp Askvolljentene. Med berre eit poeng opp til Dale på andre plass, og fem poeng opp til Eikefjord på første, blir det ein spennande haust.

Det står att tre kampar å spele i haust for dei fire laga på toppen av tabellen, der blant anna Eikefjord og Tambar møtes i Eikefjorden i den aller siste serierunden.

Lagets oppmann, Arild Bruflot, oppsummerer kampen mot Askvoll/Holmedal slik:

J13/14 7er
Tambar-Askvoll/Holmedal 3-2 (2-1)
1-0 Stine
1-1
2-1 Karoline
2-2
3-2 Sjølvmål

Dommer: Martin Hukset

Tambar:
Julie, Wioletta, Cerina, Silvia, Una, Kamilla, Ann-Oline, Karoline, Amalie, Guro og Stine KB.

Bilder frå kampen

Fleire av spelarane var spente før kampen, og frykta denne motstandaren. Vi tapte mot dei i vårsesongen og dei hadde nyleg slått Eikefjord som leiar serien.

Frykta såg heldigvis ut til å være gløymt når kampen var blåst i gang av dommar Martin Hukset, som for øvrig dømde veldig bra. 

2 min: Ballen vart spelt fram mot Stine som vann ein duell, og sette inn 1-0. Fin scoring!
27 min: 1-1 etter eit bra angrep av AHIL.
33 min: 2-1. Karoline får ballen på venstre sida. Ho kjem til ein skuddmulighet og skyt i mål. Dette og ei fin scoring!
Elles kan ein oppsummere første omgang med at den var tett og jamn med mange duellar. Godt forsvarspel av begge lag gjorde til at det ikkje var mange store målsjansar utanom scoringane.

2. omgang var like jamn. Spelet bølga til tider fram og tilbake.

59 min: 2-2. Scoringa kom etter eit hardt frispark frå streken av straffefeltet. Via stolpen og i mål.
63 min: 3-2. Sjølvmål etter ein godt slått corner av Stine og press av Tambarspelarane.
Dette vart sluttresultatet.

Dette var virkelig ein slitekamp. Alle jentene såg ut til å gi alt, og då er det herleg med seier til slutt.
Spennande og underhaldande kamp for tilskodarane. 

Resultater og tabell


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse