Tambar avgjorde med god andre omgang mot Førde 3

Tambar J13/14 sitt 9er lag sette inn eit ekstra gir i andre omgang, og vann bortekampen konfortabelt mot Førde 3 tysdag kveld.

På nytt var det tur til byen innerst i den flotte Førdefjorden, for Tambar sitt Smj 9ar lag. Turen innover viste oss flotte fargar i skogen, fin temperatur, og ein blikk stille fjord.

Smj 9ar avd 2
Hafstadparken

Førde 3 – Tambarskjelvar 2-6 (2-2)

0-1 Una 
1-1 Førde
1-2 Fride 
2-2 Førde
2-3 Stine KB
2-4 Fride 
2-5 Fride 
2-6 Fride

Kamptroppen til Tambar:
Julie, Hanne, Una, Henriette, Victoria, Mathea, Trine, Cerina, Agathe, Guro, Kamilla, Stine KB og Fride.

 Bilder frå kampen

Det vart ein jevn og spennande førsteomgang der Tambar starta kampen fint og gjekk opp i leiinga etter ca 5 min spel. På ein av lagets mange hjørnespark, traff Agathe perfekt med sørven og i feltet fekk Una tid og rom til å time eit perfekt hovudstøt. Makan til treff, og lyden som fulgte av hovudstøtet og nettsusen, gav frysningar hos dei tilreisande supporterane.

Tambar hadde eit spelemessig overtak og kom til mange halvsjansar. Likevel var det litt usikkert og kanskje uvant å spele på ei relativt lita bane med eit noko ukjent underlag. Førde kom tilbake og fekk mål etter eit langt utspark frå keeper.

Etter ei stund viste jentene i gult på nytt effektivt spel og forståelse. Cerina, vår innkastspesialist, stilte seg opp på eigen halvdel for å ta innkast. I det Fride startar på eit løp kjem kastet og på nytt er timinga og utførelsen perfekt mellom dei to spelarane. Fride får med seg ballen og kan sette fart forbi forsvaret. Kaldt og roleg set ho ballen kontrollert forbi keeper og i mål.

På nytt kom Førde tilbake og utlikna på litt heldig vis. Ballen vart spelt høgt inn i feltet og spratt slik at Julie ikkje nådde den på første forsøk. Ein Førdespelar var våken og fulgte etter ballen og fekk pirka den inn.

Tambar hadde fleire gode prestasjonar framover etter dette. Eit høgdepunkt var når Henriette sette fart med ball frå sin backposisjon. Ho passerte fleire motspelarar, som såg ut som dei stod stille, før ho fekk slått eit fint innlegg.
På fleire av hjørnesparka datt også ballen fint ned bakerst i feltet. Med keeper delvis utspelt og ingen til å klarere ballen, mangla det berre litt meir aggressivitet frå Tambarjentene før det kunne ha blitt mål.
2-2 til pause, ville nokon av laga klare å vippe dette til sin fordel i 2. omgang?

Tydelegvis gjorde pausepraten godt, og det var eit mykje meir spelande og effektivt bortelag i 2. omgang. Kjekt og sjå at litt nøling og usikkerheit i den første omgangen, var lagt bak seg etter frukt og ein prat med trenaren i pausen. No såg vi jenter som ville heve seg og vise seg frå ei langt betre side.

Omgangen starta med ei flott avslutning frå venstrekant Trine. Perfekt treff med venstrefoten og ei ballbane med ei flott bue mot mål. Over keeper og i tverrliggaren.

2-3: Tambar står høgt med laget på eit innkast for Førde. Mathea vinn første duell og nikkar ballen til Fride. Ho får kontroll, vender og ser Stine i midten. Pasninga blir slått perfekt gjennom forsvaret på foten til Stine som får kontroll og avsluttar sikkert.

2-4: Flott avslutning av Fride som smeller til ballen på halvspretten. Godt treff og ballen går i ei fin bue over keeper og i mål.

2-5: Fine kombinasjonar i midten. Kamilla gir til slutt ei fin pasning til Fride som dermed får eit rom. Ho tek med seg ball og plasserar på nytt fint forbi keeper.

2-6: Fride avsluttar på nytt og fastset sluttresultatet.

Som sagt eit heiltent Tambarlag i andre omgang. Førde fekk lite til, mykje på grunn av aktive og agressive Tambarjenter som stod høgt i bana. Bakover kunne forsvaret kontrollere og heilt bak var Julie våken og perfekt ute og rydda opp dei få gangane Førde kom til avslutning. Ballen vart spelt meir ut på kant og vi fekk sjå fleire gode forsøk på avslutningar. Flott innsats av alle og takk for spenning og flott fotball jenter. 

Ref.: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse