Tambar med seier over topplaget på Dingemoen

Tambarlaget som vann mot Dale i kveld. Foto: L. Slettehaug

Tambar J13/14 sitt 7er lag tok seieren i ein svært spennande kamp mot topplaget Dale fredag kveld.

Sol og fint i Dale i kveld når tambar Smj 7ar var tilbake på Dingemoen stadion. For ein innsats, for eit fyrverkeri av ein kamp og for ein fotballfest.

J13/14 7ar avd 2
Dingemoen stadion

Dale-Tambarskjelvar 3-4 (1-2)

1-0 Dale
1-1 Amalie
1-2 Mathea
Pause
2-2 Dale
3-2 Dale
3-3 Fride
3-4 Fride

Glede å sjå jentene spele i kveld. Kom under men snudde etter flott spel og gode sjansar. 1-2 til pause. Dale var gode i starten av 2. omgang og scora 2 gangar. Såg litt mørkt ut for Tambarjentene etter dette. Men her kjempa laget sammen frå bakerst til fremst og spelte mesterlig over Dalejentene. Først utlikninga og så ei fantastisk scoring tre minutt før slutt. 3-4 holdt ut og jubelen kunne sleppast laus. Gratulerer med den gode kampen. Maks innsats og vilje til å kjempe både bakover og framover.

Måla:
1-0 Dale slår tilbake etter fleire store Tambarsjansar i starten.
1-1 Stine ser Amalie og ei opning på høgre. Langt utspel. Forsvaret til Dale klarer ikkje å fange opp ballen. Dette luktar Amalie, som plutseleg er åleine på veg mot Dale sitt mål. Keeper på veg ut, Amalie får tåa på ballen først og den trillar forbi keeper til Dale.
1-2 Ballen går tilbake til keeper. Ut til Trine. Fride er nede og hentar ball på midten. Vender fint og slår perfekt ut til Amalie som er på løp. Ho tek med ballen, går eit stykke før ho legg hardt inn i feltet. Mathea er våken og med inn i feltet. Flott og kontant avslutning av Mathea på eit fint angrep.

2-2 Dale utliknar etter eit skot som Stine er på men den duppar inn i mål.
3-2 Dale er litt heldige. Ei avslutning treff Stine delvis i ansiktet og sprett inn att i feltet. På åpent mål blir det lett for Dale sin spelar å putte ballen i mål til ledelse.
3-3 Agathe tar frispark midt på eigen halvdel. Slår inn i feltet der Dale ikkje får klarert. Fride står på fem meter og fangar opp ballen. Uklart korleis ho fant ei åpning men ballen sette ho i mål.
3-4 Agathe går med ballen på høgre side. I ein kraftig løpsduell med ein Dalespelar klarer ho å halde kontroll på ballen, set inn eit hittil ukjent gir og får lagt ballen inn framfor mål. På nytt er medspelarane våkne. Framfor mål er Fride perfekt framme på ballen før keeperen når den. Fride breisidar ballen elegant i mål!

Og til slutt, desse var med på kveldens fotballfest. Mange gode redningar og fint spel av Stine bakerst. Silvia, Wioletta og Trine gjorde ein flott og viktig jobb i forsvaret. På midten kjempa Agathe saman med Ann-Oline, Mathea og Amalie. (Trine spelte også litt på midten). På topp, Fride.

Resultater og tabell

Ref.: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse