Målrikt då Tambar møtte Kyrkjebø

Tambar J13/14 7er tok seieren på heimebane mot jentene frå Kyrkjebø, då laga møttes i fint spelevær fredag kveld.

J13/14 7er
Tambar-Kyrkjebø 5-1 (4-0)
1-0 Guro
2-0 Ann-Oline
3-0 Agathe
4-0 Agathe
4-1
5-1 Viktoria

Dommer: Vidar Standal

Tambar: Agathe, Amalie, Ann-Oline, Cerina, Guro, Kamilla, Silvia, Victoria og Wioletta.

Det var forfall på begge dei faste keeperane til Tambar i denne kampen. Amalie stod første omgang, medan Agathe og Cerina stod i andre omgang. Denne oppgåva klarte dei fint.

3 min: 1-0. Agathe skyt eit hardt skot som keeper må gi retur på. Guro er på plass og set returen i mål.
Etter 4 min kjem Kyrkjebø til ein stor sjanse, men ballen treff stolpen.
Etter dette var starten på omgangen ganske jamnspelt, men etterkvart fekk Tambar meir overtak. 
22 min: 2-0. Ann-Oline skyt i fin bue over keeper og i mål.
23 min: 3-0. Agathe spring framover med ballen frå midtbana. Ho passerer dei fleste blåkledde, og skyt ballen i mål. 
32 min: 4-0. Langt innkast frå Cerina på venstrekanten. Agathe headar i mål. Dette var pauseresultatet.

Tambar var og best 2. omgang, men det vart ikkje så stor uteljing på målsjansane.
55 min: Kyrkjebø er frampå og får inn ei redusering til 4-1.
57 min: 5-1. Fin pasning til Victoria som scorar. 
Etter dette hadde Tambar fleire skot i stolpe/tverrliggar, men fleire mål vart det ikkje.

Igjen god innsats av alle, og til tider veldig godt spel!

Ref.: Arild Bruflot


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse