Fotballfest i lett regn

Tambar J13/14 9er laga målfest då dei tok i mot Florø til kamp på Naustdal stadion tysdag kveld.

Naustdal stadion var tysdag ettermiddag fylt opp av fotballspelande born, ungdommar og vaksne. Smj sitt 9ar lag tok imot Florø. Som kjent bit ofte fisken best når det regnar. I lett regn og med fin temperatur, var det store spørsmålet korleis jentene våre ville bite frå seg mot jenter frå fotballbyen i vest ?

J13/14 9ar 2.divisjon avd. 2
Tambar-Florø 7-1 (3-0)

1-0 (10min) Trine
2-0 (16min) Fride
3-0 (28min) Fride
Pause
4-0 (38 min) Fride
5-0 (42min) Trine
6-0 (56min) Stine KB
6-1 (57min) Florø
7-1 (66min) Stine KB

Dommer: Svein Arne Nordheim.

Kampen starta litt forsiktig. Laga var framme og avslutta ein gang kvar iløpet av starten. Begge gangane var dei to keeperane fint nede og redda kvart sitt godt plasserte skot. Tambar etablerte etter kvart eit visst press og kom fram vekselvis på kantane eller i midten. Etter 10 min kom første målet. Trine og Fride kombinerte fint ute på venstre sida. Fride tok med ballen mot dørlinja og når Trine låg perfekt plassert ute i feltet, kunne Fride slå ein perfekt ball skrått ut til Trine. Ho la den over på venstrefoten og avslutta til 1-0 leiing.

Herifrå og ut var Tambar det førande laget. Samspelet fungerte fint frå forsvar via midten og framover på kantane og i midten. Jentene gjorde seg spelbare og dei var raskt oppe i motspelarane når dei hadde ball.

Etter 16 min avslutta Amalie med eit godt plassert skot frå skrå vinkel. Florø sin keeper reagerte raskt og fekk slått ballen ut til hjørnespark, via stolpen. Hjørnesparket blei slått perfekt frå Agathe over første stolpe og duppa ned midt i feltet. Der kom Fride inn og nikka ballen via bakken og i mål. Flott mål!

Ikkje lenge etter er det på ny ein flott prestasjon av ei Tambarjente. Mathea får ballen ute på høgresida, ho ser opp og legg eit høgt og bua innlegg mot bakerste stolpe. Ballen treff på innsida av stolpen og trillar tilbake i feltet. Til slutt får keeper plukka opp ballen.

Tambar pressar no jevnt mot Florø sitt mål. Florø sin keeper står godt og reddar fleire gode avslutningar. Etter 23 min vinn Agathe ballen på midten, ho avanserar forbi ein Florøspelar. Stine oppfattar raskt situasjonen og er på løp mot mål. Ho får ei perfekt pasning frå Agathe og kjem åleine mot keeper. Nok ein gang er det keeper som vinn duellen med ei flott beinredning når Stine prøver å plassere ballen forbi.

Etter 28 min er det Fride som kjem åleine mot keeper og sjølv om keeper er etter ballen også denne gangen, så ligg ballen til slutt i hjørnet. 3-0 som også er pauseresultatet. God omgang av Tambar der det fort kunne blitt fleire mål. God kontroll bakover og hard jobbing når Florø har ballen gjev mykje fint spel og mange sjansar framover. Velfortjent pause med frukt og trenarprat for jentene. Velfortjente sveler og kaffi mm for oss andre.

Med ein god 1. omgang friskt i minne og ei grei leiing, kan det være lett å miste litt tempo og initiativ i kampen. Men slik blei det slett ikkje! For å korte ned litt kan vi oppsummere at 2. omgang var endå betre av Tambar. Florø slapp lite til mot eit trygt og godt Tambarforsvar. Framover blei det skapt mange gode sjansar og avslutningar. Keeperen til Florø stod godt og hadde mange gode redningar.

Etter 3 min ut i 2.omgang er Fride på nytt åleine i midten og puttar sikkert til 4-0. Etter Tambarpress resulterer hjørnespark nummer to etterkvarandre i mål nummer 5. Ballen går fram og tilbake i feltet. Til slutt legg Una ballen ut til Trine som avsluttar raskt og keeper når ikkje fram. Etter ca 20 min og stort sett spel mot Florø sitt mål, er det Stine som med kraft lagar seg plass i feltet og får putta sitt første for dagen.

Like etter kjem Florø plutseleg framover på bana. I ein løpsduell er det Florøspelaren som til slutt kjem åleine mot Julie. Sjølv om keeper er ute er det spelaren frå Florø som er først på ballen og kan trille den i mål til redusering 6-1.

Tambar held fram og presse og stenger på nytt av bakover. Mot slutten er det Stine som får æra av å score det siste målet for kvelden. 7-1 og ein god velfortjent siger.

Flott kamp og god laginnsats. Mykje fint spel bygd opp bakfrå. Julie er trygg og spelar fint ut til medspelarar ved fleire høve. Forsvaret tek kontroll på ball og finn medspelarar framover på bana. Dei ryddar også opp dei gangane dei er i duellar med motspelarane. Fine kombinasjonar på kantane og god og aktiv midtbane gir mange sjansar på innlegg og gjennom midten.

Litt grått og vått i Naustdal denne ettermiddagen. "No problemos" sa våre jenter og leverte ei fartsfylt og god forballstund. Ein av dei betre kampane så langt i sesongen.

Godt jobba!

Laget:
Julie-Henriette, Una, Hanne - Trine, Wioletta, Agathe, Amalie, Mathea - Fride, Stine, Guro.

Ref.: Ludvig Slettehaug.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse