Tambar med seier mot Hyllestad og uavgjort mot Jølster 1

Her kjem to refferat frå Tambar J13/14 7er sine kampar mot Hyllestad 25.august og Jølster 1.september.

SMJ 13/14 7er
1.september
Jølster 1-Tambar 5-5 (1-3)

Dagens tropp:
Julie- Hanne, Wioletta- Trine, Ann-Oline, Mathea, Agathe, Karoline - Amalie, Fride

SMJ 13/14 7ar drog i går til Vassenden for å utfordre Jølster 1. Målrikt og spennande blei det, til siste slutt!

Sist gang desse laga møttest, var det til slutt Jølster som kunne reise heim med 3 poeng etter siger 5-4. Derfor var det ekstra spenning i den varme haustlufta over fagre Jølster, når dommar Nils Paulen ønska velkommen til kamp. Ville tilreisande tambarjenter klare å fortsette den gode trenden frå dei første kampane i haustsesongen?

Første omgang starta litt forsiktig av begge lag. Ikkje så mykje store sjansar. Litt forsiktig rett og slett. Så starta moroa. Først Tambar. Mathea fekk gitt til Agathe som avslutta hardt til side for keeper og i mål, 0-1. Ikkje lenge etter var Jølster fint framme og etter fint spel og eit godt skot sat utlikninga.

Julie hadde nokre fine rednigar vidare i omgangen, men utover desse sjansane var resten av omgangen prega av at Tambar pressa. Ikkje lenge etter utlikninga var Tambar gode framover. Agathe hadde gode forseringar med ball på venstresida. Etter kvart kom også neste mål der Amalie fekk lagt ballen fint til rette for Agathe som fekk nok tid og plass framfor mål til å kunne klemme til. 2-1 til Tambar.

Tambar hadde god kontroll bakover der Hanne og Wioletta var gode og samarbeida fint. Og når Fride etter kvart fant rette vegen mot mål, kunne Tambar gå til pause med 3-1 leiing. Leiinga kunne vore større, då jentene hadde mange sjansar. Mellom anna hadde Karoline ei god avslutning som keeper stoppa og på siste hjørnespark var ho også svært nære på få ballen i mål på hovudet.

No var andre omgang i gang, og her var det berre å få sett vekk kaffikoppen. Først fekk Jølster straffe. Denne gjekk over.
Jølster var ei heilt anna utgave no. Høgare tempo og raske spelarar framover skapte meir vanskar for Tambar. Først kom ei redusering til Jølster. Ikkje lenge etter braut heimelaget, etter eit Tambarinnkast ved eige målfelt. Ei rask og effektiv kontring seinare og 3-3 var eit faktum.

Så kom Tambar sterkt tilbake. Eit langt og høgt oppspel frå Trine vart jaga av Fride. Ballen spratt og med keeper på veg ut gjorde Fride eit perfekt valg. Ho såg keeper var på halvdistanse, tok sats og nikka ballen i ei perfekt bue over keeper og i mål. Kaldt og roleg gjort, flott mål.
Så var det Agathe og dommar som kom i fokus. Etter å ha tatt ballen fint med seg, gjekk ho forbi ein Jølsterforsvarar. Med stor fart og åpent fram mot mål, vart ho hindra av Jølster sin spelar. Med Agathe litt ut av balanse, såg vi dommaren løfte fløyta for å blåse. Men i det Agathe holdt seg på beina og lada kanonen, brukte dommaren fordelen og dermed var det ingenting som kunne stoppe ho. Pang sa det, via stolpen og inn. 5-3 og ny 2 målsleiing til gjestane. Flott dømt av dommaren i det tilfellet.

Kanskje slappa Tambar litt av etter dette, eller så våkna Jølster til ein siste innspurt. 2 raske mål av Jølster førte oss tilbake til uavgjort. Heilt på slutten slo Amalie eit av fleire gode hjørnespark. På bakerste stolpe kom Mathea fint inn og fekk foten på ballen. Men den sklei litt av og gjekk utanfor. Sjølv med ein god siste innspurt frå Tambar endå kampen 5-5. Spennande, fartsfylt og flott innsats av begge lag.

Ref::Ludvig Slettehaug

 

SMJ 7er
Hyllestad-Tambar 1-9 (0-7)
25.august

Det var litt spenning før denne kampen mot Hyllestad. I vårsesongen tapte vi 2-4 på heimebane for dette laget. I tillegg var det ein del forfall av spelarar, deriblant begge dei faste keeperane. 
Tambar stilte med totalt 8 spelarar:
Amalie, Una, Hanne, Silvia, Kamilla, Wioletta, Karoline og Fride. 
Keeperjobben vart fordelt mellom Amalie, Wioletta og Fride, noko alle klarte veldig bra.

Tambar fekk raskt overtak spelemessig, og første store sjansen kom etter 3 min. med eit skot som gjekk like utanfor.
5 min: Pasning framover frå Una til Fride som set inn 0-1.
14 min: Fride ser ein opning og forsøker eit skot. Går via ein forsvarar og i mål. 0-2.
15 min: Innlegg frå Fride på høgrekanten til Kamilla som er godt plassert framfor mål. 0-3.
18 min: Angrep på venstrekanten. Wioletta skyt og det står
0-4.
20 min: Fride med nydeleg avslutnig og det står 0-5.
29 min: Nytt framspel til Fride, og ho set inn 0-6.
32 min: Corner til Tambar som blir klarert av Hyllestad. I "returrommet" er Hanne som skrur ballen opp i vinkelen til høgre for keeper. 0-7.
Tambar hadde full kontroll i i 1. omgang og Hyllestad kom ikkje til nokon store sjansar. Solid forsvar med god hjelp av midtbana (og av og til spissane) sørga for dette.

2.omgang vart litt jamnare, men Tambar var også her det klart beste laget spelemessig.
4 min ut i omgangen set Fride inn 0-8.
14 min ut i omgangen: Fride på løp på høgrekanten. Ho skyt, og keeper må gi retur. Fride set sjølv returen i mål til 0-9.
24 min ut i omgangen: Her såg det nesten ut som alle spelarane på bana var samla framfor Tambar sitt mål. Hyllestad fekk til slutt kjempa ballen over streken, og dei fekk si scoring. 1-9.

Totalt sett ein velfortjent seier. Alle jentene kjempa meget bra.

Ref.: Arild Bruflot


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse