Ny seier til Tambar, vann borte mot Førde 4

Tambar J13/14 9er tok sin andre seier av to mogelege, etter at laget vann bortekampen i Hafstadparken tysdag kveld.

Tirsdag ettermiddag var det tid for avreise frå Naustdal for den første bortekampen i haustsesongen for 9ar-laget til Tambar J13/14. I Hafstadparken var det som vanleg eit yrande liv og når bane 2 etter kvart var klargjort til kamp var Førde 4 og Tambar sine jenter klare til å måle krefter.

J13/14 9er 2.divisjon avd.2

Førde 4-Tambar 3-5 (1-4)
1-0
1-1 Fride
1-2 Fride
1-3 Fride
1-4 Kamilla
2-4
3-4
3-5 Fride

BILDER FRÅ KAMPEN

I starten bølga kampen litt fram og tilbake. Laga veksla på å spele seg framover på bana, utan at det vart dei heilt store sjansane. Etter kvart kom Tambar til fleire sjansar. I ein god periode var Cerina fint framme på kanten og skar innover mot målet. Ei god avslutning og eit hardt innlegg gav ikkje teljande resultat. Kamilla var gjennom i midten ved eit høve men vart stoppa av keeper. Ein offside og nokre fleire forsøk frå ivrige Tambarjenter vitna om eit press som forhåpentligvis snart ville gje utteljing.
Mot spelets gang var det Førde som fekk hol på byllen. Etter eit langt innkast vart det litt ubesluttsomt i feltet og ein Førdespelar fekk foten på ballen som trilla under keeper og i mål. Kva no?

Tambar vakna rett og slett skikkeleg, trykka inn gassen og viste vilje nok til å snu det heile. Først vart Fride spelt vakkert gjennom av Agathe. Med retning mot mål og med ei pasning som traff perfekt, kunne Fride ta med ballen mellom to forsvararararar og ein utrusande keeper kunne ikkje hindre utlikning. Få minutt seinare var Fride frampå og kjempa seg til ei avslutning inne på 5 meteren. 2-1 vart kjapt til 3-1 Fride på nytt. Kampen var til dei grader snudd. Ikkje lenge etter dette vart det corner til Tambar. Agathe serverte, Kamilla satte panna til og så var 4-1 ein realitet. Ca 10 min magi og godt spel i slutten av omgangen, gav dei tilreisande tilskodarane valuta for pengane.

2. Omgang var Førde i periodar det førande laget. Først reduserte heimelaget til 2-4. Tambar viste fint spel etter dette men på nytt reduserte Førde til 3-4. Målet kom etter eit frispark frå skrått hald. Eit hardt slått frispark, som gjekk i ei flott bue over forsvar og keeper og endte i det lengste hjørnet.

I det gjengen på sidelinja smått frykta at leiinga kom til å bli henta inn. Neida vi tenkte sjølvsagt ikkje det, vi tenkte positivt og nikka stille til kvarandre at dette skal nok gå fint. Og heldigvis fekk vi rett.

På nytt snudde Tambar og gav litt ekstra. Eit fint angrep starta ved at ballen vart spelt ut til Cerina på venstre kant. Ho spelte seg fint fri og denne gangen vart eit perfekt innlegg møtt av Fride i feltet. Ho fekk kontroll på ballen, la den til rette og pang så var 5-3 eit faktum.

Mot slutten av kampen var tambar farlege framover og hadde god kontroll bakover. Ei vakker avslutning frå Victoria var kanskje den hendinga som var nærast å gå i mål. Men ein god keeper hos Førde var godt plassert og sjølv om skotet hadde retning mot krysset, var keepern raskt ute og møtte ballen sikkert med begge hender.

Godt å sjå Tambarjentene jobbe inn ein ny siger. Mykje bra spel i periodar og fine mål. Framover blir spelet i periodar vridd fint ut mot kantane og dette gjev både mål, sjansar på innlegg og dødballer i form av hjørnespark. Bakover er forsvaret sikkert og fungerer store delar av kampen flott i kamp mot raske Førdespelarar. Samspelet mellom forsvar og keeper var også fint og sjå fungerte stort sett prikkfritt. Flotte utspel frå keeper gav også gode overgangar. Nye tre poeng kunne takast med heim etter god innsats av laget og trenarane.

Desse spelte:
Julie - Hanne, Una, Henriette - Cerina, Trine, Agathe, Silvia, Victoria - Fride, Kamilla og Guro.

Ref: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse