Tambar vann mot Førde 2

Tambar J13/14 brente mange sjanser mot Førdelaget, og var det klart beste laget då laget starta haustsesongen.

J13/14 2.div avd.2
Tambar-Førde 2 1-0 (0-0)
1-0 Fride

Tambar: 
Julie, Cerina, Silvia, Trine, Hanne, Una, Agathe, Mathea, Victoria, Henriette, Fride og Amalie.

Perfekte forhold på Naustdal stadion, fin temperatur og sol bak fjellet når kampen starta. Noko av det første vi såg i kampen var eit langt framspel frå Førde som slo i bakrommet. Una satte inn turboen og kontrollerte ballen fint ut med ein Førdespelar i ryggen.
Etter kvart fekk Tambar festa meir grep og vant fleire duellar. Forsøk på å spele seg rundt på kant førte ikkje heilt fram men omlag halvegs i omgangen fekk Tambar lagt inn frå sida. Eit hardt og godt vinkla innlegg gjekk gjennom feltet og Fride var nære på å skli inn ballen. Pippi Langstrømpe sine sko hadde nok gjort susen akkurat der.

Etter fleire sjansar til Tambar, med mellom anna ei heading frå Una, kom etter kvart Førde meir med i kampen. Mykje av Førde sitt spel gjekk ut på å slå lange ballar som dei offansive spelarane skulle jage etter. Stort sett hadde forsvaret og keeper god kontroll. Ved ein anledning vart det litt klabb og babb i feltet utan at Førde kom til skikkeleg avslutning. Førde sin største sjanse kom etter at Julie gav ein retur etter ei avslutning. Keeper var raskt oppe og kasta seg etter ei avslutning frå Førdespelaren. Heldigvis gjekk ballen i nettet på utsida av målet.
Eit visst overtak av Tambarjentene i 1. omgang men 0-0 var stillinga når laga tok pause og folk sprang mot kioskluka.

2. omgang starta bra for Tambar. Trine skar tidleg inn frå kanten og gjekk med ballen mot mål før ho avslutta hardt. God redning av Førde sin keeper. Tambar hadde mykje av spelet og sjansane i denne omgangen. Amalie var komt inn som spiss i 2. omgang og hadde ei veldig god avslutning der ho snudde seg rundt og forsøkte å plassere eit hardt skot i hjørnet. På nytt var det ein god Førdekeeper som hindra mål.
Seinare var det Julie som varta opp med god redning etter at ein førdespelar fekk avslutta frå kloss hold. Klokka tikka og med 10 minutt att av kampen var det nok fleire som lurte litt på om kampen kom til å ende 0-0. Men jentene var ikkje ferdigspelt.

Fride hadde kjempa med Førde sitt forsvar gjennom kampen og etter å ha fått kontroll på ball, dratt seg laus frå motspelar så la ho all kraft i avslutninga. På nytt var keeperen til Førde ute i full strekk og fekk slått ballen ut i feltet. På returen var Trine våkent med og gjekk for avslutning, som også denne gangen vart stoppa av keeper.

Så kom endeleg det angrepet som skulle gi uttelling. På midten fekk Agathe ballen. Ho tok den med og avanserte framover. I det ho drog forbi ein motspelar såg vi 3 Tambarspelarar som låg på linje framme og var klare til å gå på løp. Agathe gjekk litt til før ho såg rekka av Tambarjenter der framme. Ei perfekt pasning framover gjekk til Fride som tok med seg ballen og fossa mot mål. På nytt kom keeper ut og gjorde vinkelen mindre for Fride. Avslutninga kom og keeper fekk stoppa forsøket med beina. Heldigvis var Fride våken og rakst framme på returen og fekk avslutta på nytt. Endeleg låg ballen i målet bak Førde sin keeper.

Ein slitesiger for Tambar denne gangen. Førde spelte mykje lange ballar i bakrom og opp mot vår keeper. Dette forsvarte jentene seg godt mot og samarbeidet mellom keeper og forsvar var godt. Fint å sjå alle tilbakespela som Julie hadde god kontroll på. Mykje fint spel framover med forsøk på å komme rundt på kantane. Gode sjansar framfor mål og kun ein god keeper hos Førde, hindra Tambar i å sette fleire mål.
Flott start på haustsesongen med to sigrar for laga våre ( 7er og 9er) på heimebane.

Godt dømt av Svein, som alltid, og godt oppmøte av publikum.

Ref.: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse