Tambar vann fortjent mot Gaular

Tambar J13/14 sitt 7er lag starta haustsesongen med ein konfortabel seier på Naustdal stadion fredag kveld.

J13/14 7er
Naustdal stadion

Tambar-Gaular 4-0 (0-0)

Etter seier i Ål-cup (måtte berre nevne det igjen , var det I kveld klart for haustsesongens første seriekamp. Tambar tok i mot Gaular i kveldssola på Naustdal stadion.  
Desse spelte: Julie, Cerina, Silvia, Trine, Kamilla, Mathea, Karoline, Victoria, Guro og Fride.

I første omgang var Tambar det beste laget spelemessig. Gode bevegelsar for å gjere seg spelbare, og godt pasningsspel. Det var og fleire brukbare sjansar, men avslutningane sat ikkje heilt. Gaular kom og til sjansar, men sjansestatistikken vann nok Tambar klart. 
Forsvaret hadde relativt god kontroll, og det som ikkje vart stoppa der tok keeper seg av. 
0-0 til pause.

I 2. omgang vart angrepsspelet litt betre, og 4 min. ut i omgangen avslutta Fride eit bra angrep med eit skot som gjekk i mål. 1-0.
13 min. ut i omgangen spelte Tambar seg fint oppover på høgrekanten. Fride la inn, og Victoria sette ballen kontant i mål. 2-0.
30 min. ut i omgangen: Nytt fint angrep på høgrekanten. Dette vart avlsutta med eit godt innlegg (trur det var frå Fride) og Trine var på plass og sette inn 3-0. 
33 min. ut i omgangen: Her var Gaular kanskje litt uheldige i bakre rekker, men uansett pressa Tambar godt, og Fride sette inn 4-0 som vart sluttresultat . 
Gaular hadde eit par gode sjansar i omgangen, men sluttresultatet var fortjent . God innsats av alle! 

Vidar Standal dømde bra.

Resultater og tabell

Ref.: Arild Bruflot


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse