Tambar J13/14 ubeseira i Ål cup

Jentene fekk varm velkomst i Naustdal, vart feira i hallen. I tillegg spela J12 fleire gode kamper i cupen.

Tambarjentene som deltok på Ål Cup sist helg, gjorde ein framifrå innsats på banene på Ål Idrettspark.

Tambar J12 hadde lite erfaring med 9er fotball i forkant av cupen, men viste at dei takla denne speleforme bra. Laget tok ein seier, ein uavgjort og tre knepne tap, noko ein må sei er godkjent for 12 åringane til Tambar.

Tambar J13/14 gjorde det svært så godt i sine kampar. Laget vann alle sine kampar i gruppespelet, og vart med det gruppevinnar.

I kvartfinalen mot Nore Neset J14 var det eit noko nervøst Tambarlag som skulle i aksjon. Men mot gode 14 åringar frå Bergenskanten spela Tambar som dei hadde gjort dagen før, med flott spel og fantastisk laginnsats. Tambarjentene har rimeleg god kontroll, og tek seg vidare til semifinalen med 2-1 seier.

I semifinalen er det nok eit 14 års lag som er motstander, nemlig Å J14. Dette er eit godt lag, om som har heile 5 kretslagspelere på laget sitt.
Kampen vert ein jamn batalje, der begge laga kjem til store målsjanser, og der vi tore å påstå at Tambar har dei største. Men kampen ender 0-0. I denne cupen er det ingen speleforlenging, for å eventuellt kåre ein vinner. Dermed var det loddtrekning som skulle avgjere kva lag som fekk spele finale. Jubelen stod i taket i Tambarleiren då det vart kjent at dei hadde trekt vinnarloddet.

Trøytte kropper og småskada Tambarspelarar gjekk på bana i finalen mot nok eit Bergenslag og nok eit reint 14 års lag, Erdal/Ask J14. Jentene frå Tambar var innstilte på nok ein kamp med kjemping med nebb og klør. Hadde dei kome så langt i sluttspelet, ville dei spele seg heilt til topps.
Jentene tok ut sine siste krefter i denne kampen, og viste nok ein gong kven som var best. Og med seier 2-0 var det liten tvil om kvar den største pokalen havna, og både spelarar, trenarar og tilreisande foreldre kunne juble for ein fantastisk innsats av Tambar J13/14.

Gulljentene fekk ein varm velkomst då laget kom tilbake til Naustdal rundt midnatt søndag. Foreldre og syskjen hadde laga til ein hemmelig overrasking for jentene i Naustdalshallen. Jentene vart tydeleg rørte og glade då dei dukka opp i ein mørk hall og musikken "We are the champions" ljoma i hallen. Med plakater og flagg, vart det feiring med kake laga for anledningen.

At laget har hardtskytane jenter fekk vi også ei bekrefting på i helga. Agathe testa nemlig skotfoten sin i lasermålinga på cupen i helga. Med eit skot på godt over 80 Kmt, kunne ho motta premie for det hardaste skotet i klasse J14.

BILDER J13/14

Resultat Tambarjentene sine kampar i Ål Cup:

J12
Ål-Tambar 2-1
Tambar-Eldar 3-1
Tambar-Voss Lilla 0-3
Voss Rosa-Tambar 1-0
Stanghelle-Tambar 0-0

J13/14 (innleiande kampar)
Ål-Tambar 0-4
Askøy FK-Tambar 0-4
Nore Neset J13-Tambar 0-1

Kvartfinale: Tambar-Nore Neset J14 2-1
Semifinale: Ål J14-Tambar 0-0
(Tambar vidare på loddtrekning)
Finale: Tambar-Erdal/Ask J14 2-0


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse