SMJ 9er avslutta vårsesongen med seier over Florø

SMJ 13/14 9er 

Tambar-Florø 5-2 (4-0)
1-0 Henriette
2-0 Fride
3-0 Fride
4-0 Fride
4-1 Florø
5-1 Silvia
5-2 Florø

Tambar sitt småjentelag, SMJ 13/14 9er, vann sin siste kamp i vårsesongen då laget møtte Florø til kamp på Naustdal stadion tysdag kveld. Nok ein gong viser Tambarjentene at dei kan spele fin fotball, og i tillegg til god innsats frå alle spelarane kampen i gjennom, var det liten tvil om kor seieren ville hamne i kveld.

For nå laget fekk det første målet midtvegs i fyrste omgang, så ikkje laget seg tilbake. Og det var flott spel vi fekk sjå i forkant av måla, der laget speler seg fint fram før fire flotte scoringar i denne omgangen. Henriette åpna scoringskontoen til Tambar i kveld, og Fride er frampå med tre mål på rappen, som gjer at Tambar kan gå til pause med 4-0.

I andre omgang kom Florøjentene noko meir med, og bortelaget vann denne omgangen 2-1. Men Tambar kjempa seg gjennom denne omgangen også, og med ei flott scoring av Silvia i denne omgangen, gjorde at Tambar kunne gå av bana med ein fin 5-2 seier.

Dermed enda Tambar som nummer tre på tabellen etter endt vårsesong, berre poenget bak Dale på andre og tre poeng bak Førde 1 som vann avdelinga. Det betyr at laget var svært nær å rykke opp til 1.divisjon, der dei to beste lag (Førde 1 og Dale) blir å sjå i haustsesongen.

Sjå tabell

God dommer var Martin Hukset, som på sporty vis stiller som dommer før han skal i aksjon med a-laget. Han dømte til hoveddommer Svein Arne Nordheim kom rett frå jobb og fem timer i bil.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse