Tambar SMJ 7er med tap mot topplaget

Fredag kveld var det klart for 7-ar kamp heime mot serieleiar Eikefjord. På 8 kampar hadde Eikefjord kun avgitt poeng i ein kamp, og måtte såleis kunne seiast å være ein liten favoritt til å vinne kampen.

Tambar stilte med desse spelarane: Stine SD, Agathe, Amalie, Cerina, Dorthea, Julie, Kamilla, Karoline, Mathea, Silvia, Sofia, Stine KB og Wioletta.

Tambar gjekk friskt ut og viste at dei gjerne ville ta poeng, men det var dessverre Eikefjord som fekk første scoringa allereie etter 5 minutt. 0-1. Tambar kjempa vidare, og etter 8 minutt fekk dei ein bra sjanse ved Stine KB,men skotet gjekk rett mot keeper, og vart avverga. 

Etter 14 minutt fekk Tambar innkast på høgresida. Wioletta var rask å ta dette og kasta vidare framover sida mot Stine KB . Ho kom seg fri og la eit perfekt innlegg mot bakre stolpe. Der kom Karoline på løp og banka inn 1-1 på volley. Kanskje kampens finaste angrep og scoring! 

Rett etterpå hadde Eikefjord eit skot som gjekk i tverrliggar, men Tambar hadde no eit visst overtak spelemessig. Dei som spelar i forsvar blir ikkje så ofte nemnt i referat som t.d. målscorarar, men vil trekke fram Wioletta, som no spelte der saman med Agathe og Silvia, gjorde ein veldig god innsats med å rydde unna det som kom av angrep frå Eikefjord. Det var og mykje bra pasningsspel gjennom midtbane og fram til spissane.

Så langt ein spennande og underhaldande kamp.  Men så er det slik at i fotball kjem det av og til scoringar litt mot spelets gang, og etter 28 minutt fekk Eikefjord inn sitt andre mål, som var av den heldige sorten. 
Julie som er fast keeper på 9-ar laget, var i denne kampen utespelar. I det 31. minutt sende ho ei god gjennombruddspasning framover mot Amalie som kom til ein stor sjanse, men skotet gjekk like utanfor. 1-2 var pauseresultat.

2. omgang fortsette med god underhaldning. Det var gode sjansar til begge lag.

I det 41. minutt hadde både Eikefjord og Tambar skot i tverrliggar.   I det 44. minutt sende Stine KB av gårde eit skot som var så hardt at ein såg målet flytte seg bakover når ballen traff stolpen. Dessverre ikkje mål.  Men Eikefjord hadde og eit par meget gode skyttarar, og etter 47 minutt gjekk dei opp til 1-3 med eit godt plassert skot som var utagbart for keeper Stine SD.

I det 56. minutt var Eikefjord på nytt framme med eit knallhardt godt plassert skot. Stine SD var i «full strekk» og var på ballen men dessverre gjekk den i mål. 1-4.  No rakna det nesten litt for Tambar, og i det 57. minutt fekk Eikefjord si femte scoring. Igjen var det eit velplassert hardt skot som gjekk i mål.  Tambar kjempa likevel vidare, og bl.a Sofia kom til ein stor sjanse, men ballen ville liksom ikkje i mål fleire ganger for heimelaget i kveld. I det 64. minutt kom kampens siste scoring som og var til Eikefjord. Sluttresultatet vart 1-6.

God innsats av alle som spelte i kveld, men må i tillegg trekke fram at at Stine SD gjorde ein veldig god jobb som keeper i heile kampen. Både i form av redningar og avklaringar, samt at ho ga tydlege beskjedar til medspelarane. Ho kunne ikkje lastast for nokon av scoringane.

Thomas Personbråten var god dommar.

Ref: Arild Bruflot.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse