Spennande då Tambar SMJ 9er møtte Dale i toppkamp

Det vart ein spennande kamp då Tambar SMJ 9er, som hadde kledd seg i sine svarte bortedrakter, møtte Dale på bortebane tysdag kveld.

Utgangspunktet før kampen, var at begge laga trengte poeng for å henge med i toppen av tabellen og ha muligheit til å rykke opp til 1.divisjon til hausten.

Kampen vart reine thrilleren på kunstgraset i Dale, der begge laga la ned ein fantastisk innsats og der heimelaget sette inn det avgjerande målet heilt på slutten av kampen.

Om ikkje så lenge kjem ein fyldig rapport frå kampen, men vi kan røpe at Tambarjentene dessverre måtte gå av bana med eit knepent 2-3 tap, etter å ha leda 2-1 til pause.

Refferat frå kampen:

Ny bortekamp betyr nye opplevelsar på fotballbana ein stad i Sogn og fjordane. Tysdag kveld var reisemålet i Fjaler og bortekamp mot Dale. Vi var førebudd på at det kom til å bli ein tøff kamp mellom to lag som kjempar om poeng i øvre del av tabellen. Og sjølv om det har vore dikta om fest i Fjaler før og i heilt andre samanhengar, vågar underteikna seg til å kalle gårsdagens kamp ein "fotballfest i Fjaler".

SMJ 13/14 9ar avd. 2

Dale - Tambarskjelvar 3-2 (1-2)
1-0 (Dale)
1-1 Henriette 
1-2 Henriette
2-2 (Dale)
3-2 (Dale, str)

Dale, kommunesenteret i Fjaler, ligg vakkert til ved Dalsfjorden. I år 874 reiste Ingolf Arnarson frå grenda Rivedal til Island og blei den første som busette seg på Island. Dette markerte starten på landnåmstida på Island. I sentrum av Dale finn vi statuen av "Vesle Daniel".

Av kjente personar frå Dale og Fjaler, er nok Jakob Sande ein av dei største. Og med dikt om mellom anna "Vesle Daniel", "Då Gud held fest i Fjaler" og teksten til julesongen "Det lyser i stille grender " er han ein kjent diktar for mange. For dei vaksne er nok Herbjørn Sørebø eit kjent navn og neste gang jentene får utdelt nynorsk ordliste på skulen kan dokke spørre om nokon veit kvar forfattaren av denne flotte ordlista kom frå? Du gjetta heilt rett, han kom frå Fjaler og bar navnet Alf Hellevik.

I Dale ligg dataverksemda Enoro, designfabrikken Transplant og det nordiske kunstnarsenteret på Dalsåsen. Fjaler husar også det flotte Hauglandssenteret og United World Colleg. Og så kjenner mange sikkert navnet Kjersti Boge Solås, den unge handballspelaren som raskt har tatt steget inn i handballeventyret i klubben Tertnes og på det Norske handballandslaget. Imponerande av den unge spelaren frå Dale.

På Dingemoen stadion, like ved Fjalerhallen, der nevnte Solås nok har lagt ned mange treningstimar, var det eit tambarlag kledd i sine svarte bortedrakter, som gjekk på rekke mot midten for å helse på jentene frå Dale. Etter å ha ønska kvarandre lykke til, var det Dale som tok oppstilling for å ta avspark.

Tydeleg interessert i å presse Dale frå start, gjekk tambarjentene høgt og raskt opp for å presse. Dale spelte seg ut att og etter litt fram og tilbake var det Dale sin tur til å presse. Etter eit innkast vart det nokre duellar i forsvar, og ikkje lenge etter måtte bortelaget sjå ballen trille i mål bak vår eigen keeper. Eit lite sjokk i åpninga av kampen.

 Men jentene lot ikkje dette prege dei, eller rettare sagt, dette tente dei! Tambar spelte flott fotball og kom høgt på bana, med fint spel på kantane. På ein tidleg corner var Fride nære ved å sette ei god avslutning på mål, men den gjekk utanfor. Presset og det gode spelet fortsatte. I eit såkalla mønsterangrep skulle jentene våre få belønning for godt samspel og flotte prestasjonar. Ballen gjekk til Agathe på midten, truleg frå eigen forsvarsspelar, ho får overblikk og slår ballen til Fride i midten framme. Fride er kald og ventar og ser Victoria komme på hennar høgre side. Ballen blir slått vakkert til Victoria som i fart tek med seg ballen forbi ein forsvarar og slår eit flott innlegg framfor mål. Etter å ha vore innom fleire spelarar, går ballen til slutt gjennom feltet. Bak i feltet kjem Henriette perfekt inn på løp, ho ser ballen sprette og siktar seg uredd inn på ei direkte avslutning. Makan til treff! Ballen susar i nettet og 1-1 er eit faktum. For ei scoring av Henriette etter flott forarbeid av fleire.

Ikkje lenge etter var det på nytt tid for resultat etter flott spel av laget. På nytt vart Victoria spelt fri på høgre side. Ho går mot mål og skapar seg rom for å legge inn. Første forsøk blir blokkert men ho vinn ballen ein gang til og legg hardt og flatt inn. Nok ein gang er Henriette våken og lurer seg inn og møter innlegget perfekt. Nok ein gang set ho ballen i mål på direkten utan å nøle. For ein snuopperasjon av laget og for eit radarpar på dei to vingane.

Begge lag spelte flott fotball, men tambar imponerte med innsats, samspel og forståelse for spel og kvarandre. Forsvaret jobbar godt. Hanne og Cerina jobbar hardt og bryt ved fleire høve fint. Ballen blir spelt vakkert til medspelarar høgare i bana etter å ha vunne duellar i forsvar. Ved fleire høve såg vi pasningar oppover langs sida, støttepasningar tilbake og bevegelsar og løp med påfølgande nye pasningar. Tambar hadde mange avslutningar og mykje spel som gav innkast høgt på bana og hjørnespark. Victoria var framme og avslutta ved fleire høve. Fride var aktiv framme og vant fleire hjørnespark etter å ha forsøkt å komme seg fri og få slått innlegg. Første gang vart det ikkje så mykje ut av hjørnesparket. Andre gang vart hjørnesparket slått perfekt inn og Fride og Una stod nesten i kø for å sette panna på ballen og i mål. Stor sjanse som hadde fortjent utteljing.

Dale var også frampå ved fleire høve og hadde to sjansar der avslutningane trilla like utanfor mål. Mot slutten av omgangen kom Fride til framfor målet til Dale, ho avslutta med eit godt skot som keeper måtte gi retur på. Frå venstre var Trine komt fint inn og tok sats med gullfoten slik Henriette hadde gjort tidlegare. Flott treff på direkten, men ballen gjekk over målet. Med denne store dobbeltsjansen og med ein stor sjanse til rett før pause, hadde det ikkje vore ufortjent med ein støre ledelse når dommaren bles av 1. omgang. Ellers må det nevnast at dommaren gjorde ein veldig god jobb i omgangen og resten av kampen. I starten og undervegs, var han flink til å rette på innkast ved å gi klare og gode beskjedar om korleis det skulle utførast korrekt. Dette er nyttig å lære seg!

Kjekt å sjå laget prestere i lag i denne omgangen. Dei gjorde seg spelbare og fant kvarandre med mykje flotte pasningar og løp. Vi høyrde dei prate saman på bana og oppmunter kvarandre. Ved eitt høve kunne vi høyre følgande kommentar frå ein av spelarane: "Fortsett sånn jenter, det her er skikkeleg bra spel altså!!" Treffande og god kommentar. Flott levert.

Dale var også framme og ved eit høve stod Julie godt plassert ved næraste stolpe. Sjølv om ho gav retur på det harde skotet, var ho raskt nede og kasta seg over ballen framfor ein dalespelar. Så kom utlikninga vi frykta. Ei sterk dalejente vart vinnaren i ein tøff duell framfor Tambar sin keeper. Til slutt fekk ho avslutta og ballen gjekk forbi vår keeper og i mål. Det var no fotballfesten var nær ved å ta av. Dale i siget og Tambar framleis ivrige etter å ta med seg tre poeng. Kva lag hadde mest krefter att? Ville vi få ein vinnar og kven skulle då stå att som seierherre i fotballfesten i Fjaler? Spenninga var til å ta og føle på blant publikum, trenarar, spelarar og resten av dei som fulgte kampen.

Kampen var inne i siste fase. Tambar framme etter utlikninga og etter å ha fått ballen i fin posisjon, avanserer Agathe mot mål. Ho legg ballen til rette og fyrer av hardt mot mål. Keeper til Dale kastar seg, gir retur og der dukkar Guro våkent fram på returen. I duell med keeper som er lynraskt nede og får kontroll på ballen. Stor muligheit for Tambar.

Dale er også frampå og pressar. Julie er ved fleire høve fint ute og fangar ballen framfor dalespelarar på veg mot mål. Så høyrer vi plutseleg dommaren si fløyte. Det vert merkeleg stille, dommaren går bestemt mot målet og peikar på straffemerket. I sist 7ar kamp var det Tambar som fekk straffe etter at ei høyangjente ufrivilleg fekk ballen opp i handa. Denne gangen var det Dale som skulle fram for å forsøke seg frå straffemerket. Julie stod klar og Dale sin spelar gjekk fram. Dommaren gav komandoar til spelarane utanfor feltet, før han bles i fløyta. Straffa går, Julie er på veg over på venstrefot i det ho skjønar at ballen er på veg midt i mål. Ho er etter ballen med høgre fot men klarar ikkje å stoppe den. Dale har snudd kampen og leiar no 3-2.

I eit siste forsøk på å berge eitt poeng jobbar Tambar iherdig over heile bana. Cerina og Hanne har gitt alt og har gått ut. Silvia og Wioletta har komt inn bak og gir alt i duellar. Det er tydeleg at jentene våre ikkje har gitt opp og pushar kvarandre til å gi alt. Heilt mot slutten får Tambar ein siste sjanse der ballen vert tatt i mot av ei tambarjente med ryggen mot mål. Etter å ha vendt opp blir det slått ei fin pasning til Fride som er på løp mot mål. Etter ei litt uheldig første berøring forsvinn ballen for langt frå ho og istadenfor å kunne avslutte åleine mot keeper, trillar ballen ut over dødlinja. Kampen er slutt, festen er over og Dale kan juble etter 3 poeng på heimebane.

Tambar hadde mange avslutningar og sjansar i 2.omgang også. Men anført av ein veldig god keeper bak hos Dale, jobba heimelaget godt bakover. Nevnte keeper var overalt i feltet på hjørnespark, tok avslutningar frå distanse og holdt nullen i 2. omgang. Med sine to mål i omgangen vant dermed Dale kampen. Utruleg spenning vart det. Kjekt å sjå jentene kjempe saman i dag. Også kjekt og sjå og høyre eit stort trenarteam som kampen gjennom jobba for å oppmuntre jentene og gi dei ros og gode råd undervegs. Mykje flott å ta med seg inn mot to viktige heimekampar for laga våre.

Førstkommande fredag møter 7ar-laget Eikefjord i lokalderby (Eikefjord leiar pulja), og tysdag avsluttar vi mot Florø i 9ar. Då veit alle kva som gjeld, møt opp på stadion og opplev meir festfotball av flinke jenter. Stå på jenter.

På vegen heim la vi turen over Dalsfjordbrua og retning Askvoll. Med flotte Laukelandsfossen som kulisse kunne vi forlate Dale omtrent slik Ingolf Arnarson forlot Rivedal på 800 talet og reiste mot vest ut i den store verda. Ikkje noko gale med det altså, men jammen var det fint å passere statuen av Ingolf, sjå kommpassnåla snu mot aust og etter kvart sjå Naustdal på andre sida av fjorden : )

Ref: Ludvig Slettehaug.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse