Tambar SMJ 7er vann borte mot Høyang

Fredag kveld og Tambar sitt SMJ- 7ar lag, var sett opp med bortekamp mot Høyang på Sletta kunstgras. Og når lag som Tottenham og stjerner som Kane, Eriksen og Alli har tatt velfortjent fotballpause, er det kjekt å kunne følge våre eigne stjerner i kampen for gode fotballopplevingar.

Sletta kunstgras
SMJ 13/14 7er avd.2

Høyang - Tambar 2-4 (0-2)
0-1 Victoria
0-2 Mathea 
1-2 Høyang
1-3 Stine KB (str)
1-4 Stine KB
2-4 Høyang

Det var ein tydeleg spent gjeng som trippa rundt på parkeringa etter ankomst. Tettstaden Høyanger, med sine ca 2200 innbyggarar, ligg omkransa av mektige og bratte fjell. Motoren i kommunen har i lang tid vert Hydro aluminium sitt verk, vist nok eitt av dei mest effektive aluminiumsverka i Europa. Staden er også kjent for mange for sitt trappeløp, Høyangerbadet, Einar Førde og den sagnomsuste Tell Teigen. Og i overgangen frå lokalkunnskap til meir sportslege skriverier, må ein også nevne fotballspelaren Even Hovland som er oppfostra i Vadheim, som også er ein del av Høyanger kommune.

Sjølv om vi kunne sjå at jentene grubla over alle dei nye intrykka der dei gjekk mot kunstgraset for å starte oppvarminga, var det tydeleg at fokuset no var retta mot kamp og det faktum at Høyang låg eitt poeng framfor på tabellen. Her måtte det jobbast.

Ok temperatur, litt grått og lett regn var ramma når dommaren bles og kampen starta. Tambarjentene har jobba mykje med å bli tøffare i duellar og gå inn for å vinne ballen. Dei starta denne kampen med å gå rett opp på Høyang sin halvdel. Men i starten holdt det på å gå riktig galt for jentene våre. På ei kontring kom plutseleg Høyang sin spelar åleine med ball på midten og sette voldsom fart mot Tambar sitt mål. Stine kom fint ut og gjorde målet litt mindre, avslutninga trilla heldigvis utanfor.

Etter dette vakna Tambar og etablerte seg fint høgt på bana. Mange avslutningar og store sjansar til bortelaget fulgte og med mange ballvinningar når Høyang prøvde å spele seg ut, var det meste spelet retta mot Høyang sitt mål.

På høgrekanten var Victoria god og aktiv og skapte mykje. Og etter mange nestenavslutningar, fant endeleg Victoria ei opning og plasserte ballen fint i det lengste hjørnet. God oversikt og fin scoring.

Ein tydeleg letta gjeng held fram med sitt gode spel etter den forløysande første skåringa. Ikkje så lenge etter 0-1 var det Mathea som avslutta hardt og godt plassert mot mål. Keeper var etter ballen men rakk berre å slå det harde skuddet vidare inn i mål.

Fleire mål vart det ikkje for Tambar i 1.omgang. Høyang blei pressa bakover og hadde vanskar med å komme ut frå det sterke Tambarpresset. Stine tok greit dei få avslutningane som kom frå Høyang.

Kaffi og frukt gjorde godt i pausen, og med ny Tambarkeeper i målet (Julie bytta med Stine), var laga på nytt klare.

Tambar fortsatte sitt gode spel og vant mange duellar også i starten av 2. omgang. Likevel, litt mot spelets gang, var det Høyang som fekk det første målet i omgangen. Etter litt nøling framfor eige mål, datt plutseleg ballen ned rett framfor ein Høyangspelar som lett kunne plassere ballen i mål.

Tambar jobba seg tilbake og mange avslutningar, høgt press og fleire hjørnespark fulgte for bortelaget. Så store sjansar hadde Tambar at ropa frå dei tilreisande supporterane gav gjennklang mellom fjella. Og når den verste støyen hadde lagt seg, kunne vi høyre den velkjente frasa "Hysj Mamma" !!, frå ei av jentene på sidelinja.

Det låg fleire mål i lufta, og nokre magiske minutt skulle følge. Akkurat som Tottenham har Kane, hadde Tambar i kveld si eiga skåringsmaskin. Først fekk Tambar straffe etter ein hands i feltet. Stine KB stilte seg opp og sette straffa til venstre i kepperhøgde. Keeperen til Høyang var fint etter ballen, men den gjekk i mål til stor jubel frå Tambarspelarane. Ikkje lenge etter var Stine på nytt framme og avslutta sikkert til 1-4. Høyang vakna litt etter dette, og med god moral kjempa dei vidare for fleire reduseringar. Litt over halveis ut i omgangen kom reduseringa, 2-4 stod det no. Skulle Høyang klare å komme tilbake?

På ein av dei neste sjansane deira, var Julie langt ute på sida for å avklare. Ballen vart fanga opp av ein Høyangspelar og medan keeperen vår var på veg tilbake mot mål kom det ei rask avslutning frå heimelaget. Ballen hadde retning mot mål men Julie klarte på mesterlig vis å kaste seg, vri seg i lufta og fekk ei hand på ballen.God reaksjon og godt gjort å få slått den ut til hjørnespark.

Heldigvis gjekk kampen mot slutten og det velkjente jubelropet frå jentene runga etter kvart over Sletta. 4-2 til Tambarjentene til slutt.

God kamp med løpsvillige jenter som gjekk i duellar og vant mykje på det. Pasningane sat bra og sjølv om Høyang jobba hardt og gav god motstand, klarte dei ikkje å true Tambar tilbake på bana over tid. Reknar med at trenarane har fleire tilbakemeldingar på måndagens trening før den viktige bortekampen for 9ar-laget mot Dale. 

Ref: Ludvig Slettehaug.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse