Tambar SMJ 9er vann mot Førde 3

J13/14 9er avd. 2

Tambar-Førde 3 3-0 (0-0)
1-0 Fride
2-0 Stine
3-0 Stine

Tambar sitt 9er småjentelag tok i mot Førde 3 til sein kveldskamp på Naustdal stadion tysdag kveld. Så seint starta kampen, at a-lagspelarane som hadde vore i aksjon i kampen før, hadde både jogga ned og var ferdig dusja, før småjentene hadde spelt ferdig første omgang.

Men til tross for ein sein start, vart det ein velspelt og ein jamnspelt kamp i første omgang. Både Tambarjentene og jentene frå Førde spelte seg fram til fleire sjanser, men eit godt forsvar på begge laga, gjorde at keeperane ikkje vart sett på dei store prøvane i denne omgangen. Difor kunne dommer Bjørn Hundershagen blåse laga til pause med 0-0.

I andre omgang tok Tambar meir over initiativet og måltørka var over då Fride la forsvaret bak seg og sette inn leiarmålet sikkert til sides for keeper og i mål tidleg i omgangen.

Og det såg ut til at det var det første målet som skulle til, for at jentene skulle få fart på spelet sitt. Laget kom no til fleire gode målsjanser, og Stine var i denne perioden frampå og sette inn to fine mål.

Jentene på Førde 3 gav Tambar god motstand i denne kampen, også etter at dei fekk mål imot. Men Tambarjentene vart for sterke for Førdelaget i kveld, og kunne gå av bana med ein fullt fortent 3-0 seier.

Tambarjentene kjempar i toppen av tabellen i ein jamn avdeling, der dei to beste laga rykker opp til 1.div til hausten. Neste kamp for Tambar, blir toppkamp mot Dale på bortebane. Dale ligg på tabelltoppen med poenget meir enn Tambar. 


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse