Storseier til Tambar SMJ 7er mot Jølster 2

Tambar SMJ 7er vann sin fjerde kamp for sesongen, då laget møtte Jølster 2 til kamp på Naustdal stadion fredag kveld. Med denne seieren rykka laget opp på fjerde plass på tabellen, bak Eikefjord, Dale og Høyang.

Oppmann på laget har sendt oss denne rapporten frå den målrike kampen:

SMJ 7er avd.2
Tambar-Jølster 2 8-0 (5-0)
1-0 Stine
2-0 Guro
3-0 Stine
4-0 Amalie
5-0 Agathe
6-0 Stine (str)
7-0 Una
8-0 Stine

Desse spelte: Stine S. D, Cerina, Silvia, Trine, Una, Agathe, Henriette, Ann-Oline, Mathea, Guro, Sofia, Stine K. B. og Amalie. 

Kampen starta litt forsiktig for Tambar sin del, og Jølster haddde eit aldri så lite overtak dei første minutta, sjølv om dei ikkje skapte dei store sjansane. Etter litt beskjedar frå trenarane på sidelinja tok det ikkje så lang tid før Tambar kom meir inn i kampen og tok føringa spelemessig. 

12 min: 1-0.Eit godt angrep av Tambar. Framspel frå Henriette til Stine som scora.
26 min: 2-0. Kampens høgdepunkt! (ialle fall etter referenten si meining) . Agathe slår eit godt innlegg frå høgresida til Guro som kom på løp mot bakre stolpe og banka inn 2-0 «på direkten».
32 min: 3-0. Hardt skot frå Amalie som keeper måtte gi retur på. Stine var på rett plass og sette ballen i mål.
32 min 4-0: Like etter at Jølster hadde sett i gang spelet etter 3-0 scoringa gjekk Tambar rett i angrep igjen. Amalie scora etter eit godt skot frå høgresida.
33 min 5-0: Godt løp av Agathe oppover høgrekanten. Ho skyt og scorar.
5-0 var pauseresultatet.
Må ta med at Tambar hadde mange store målsjansar i tillegg scoringane i 1. omgang, bl.a. fleire stolpeskot.

2.omgang vart noko jamnare, men Tambar var likevel det førande laget spelemessig. 
51 min 6-0: Guro på løp med ball mot Jølster sin keeper. Ho vart felt og det vart dømt straffespark. Stine sette dette i mål. 
52 min: 7-0: Rett etter straffesparket var Una var frampå og sende eit skot i mål. 
55 min: 8-0: Fint framspel frå Trine til Stine som sette inn si fjerde scoring i kampen.
8-0 vart og sluttresultatet.

Kort oppsummert hade Tambar bra kontroll i denne kampen. God innsats både frå keeper, forsvar, midtbane og spissane. Jølster kom så å seie ikkje til nokon store målsjansar.

Vidar Standal gjorde ein god jobb som dommar.

Ref: Arild Bruflot.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse