Tambar SMJ 9er med god kamp mot Førde 1

Tambar Smj 9ar møtte i går Førde 1 til kamp i den flotte Hafstadparken. Det var som om «Kom mai du skjønne milde» og «Våren» av Grieg, spelte om kapp på høgtalaranlegget i parken. Betre ramme for barne og ungdomsfotball, kan ein ikkje få. Men vår, grønt gras og grøne buskar langs elva vart fort gløymt når det nærma seg kampstart og Tambarjentene stod på rekke for å helse på motstandarane før kampen.

For dei som fryktar at dette blir eit langt referat og gjerne vil vite resultatet : )

Hafstadparken bane 2

SMJ 9er
Førde 1 – Tambar  4-2 (2-1)
1-0 Førde
1-1 Trine
2-1 Førde  
3-1 Førde
4-1 Førde
4-2 Kamilla

Desse spelte for Tambar: Julie, Una, Agathe, Silvia, Wioletta, Trine, Cerina, Hanne, Kamilla, Mathea, Victoria, Henriette, Stine, Amalie, Fride.

BILDER FRÅ KAMPEN

Førde starta kampen med høgt press mot Tambarjentene. Tidleg kom første avslutning, i form av eit langskot som Julie redda fint og der Una var våken på returen. Tambar var forsiktige og kom ikkje heilt opp i situasjonane i starten, og det prega kampen i denne fasen. Første sjanse for Tambar stod Stine for, då ho jobba hardt etter ein ball og pressa keeper.

Ikkje ufortjent fekk Førde det første målet. Ein førdespelar fekk ballen sentralt framfor Tambar sitt forsvar, gjekk litt og fyrte av eit lågt skot. Skotet gjekk via ein fot i forsvaret, skifta retning og gjekk forbi Tambar sin keeper. Etter målet var Førde farlege framfor målet til Tambar ved fleire høve.

Gradvis kom Tambarjentene meir inn i kampen. Spelet flytta seg litt oppover på bana og jentene såg ut til å senke skuldrane noko. Så fulgte nokre gode minutt for Tambar. Litt meir spel framover førte til at dei offansive spelarane fekk meir å jobbe med. Tambar kom til nokre avslutningar.

Og så, med eit brak vil eg seie, fekk vi sjå jentene våre vakne skikkeleg. På eit langt framspel sette Fride fart etter ballen. 100 % innsats og det såg ut til at ho skulle få ei tå på ballen. Men her vakna Førde sin keeper og fekk kasta seg ned og klarert langt ut til kast på høgre side. Cerina tok kastet, fant raskt ein Tambarspelar som tok imot ballen og fekk lagt ballen fint bakover i feltet. Der kom Trine susande og traff klokkereint på ball. Ei perfekt avslutning som gjekk hardt forbi Førde sin keeper.

Så skjedde det som av og til skjer i fotball. Ikkje lenge etter utlikninga kom Førde på nytt inn på Tambar sin halvdel. Etter litt fram og tilbake kom ein Førdespelar i posisjon litt inn på Tambar sin halvdel. Med litt avventande press frå Tambar fekk ho tid og rom til å avansere og legge ballen til rette. Når vi då på sidelinja kunne høyre Førde sin trenar (den utflytta naustedølen Henrik Myklebust) oppmuntre med orda «Prøv Helene», steig pulsen hos underteikna. Førdespelaren gjorde som trenaren sa og på perfekt vis sendte ho avgårde eit vakkert langskot. Ballen steig og gjekk i ei flott bue mot målet til Tambar. Sjølv om Julie strakk seg, gjekk ballen over ho og i mål i høgre kryss. Flott av Førde sin spelar!

Sjølv om det var tungt å få denne imot gav ikkje jentene opp. Mot slutten av omgangen storma Tambar på nytt mot Førde sitt mål. Fride blir spelt gjennom på høgre. Ho set full fart mot mål, går innover og avsluttar hardt. Eg såg den ballen på veg inn i nettet men den traff innsida av stolpen og gjekk ut i feltet til venstre for mål. Der er Trine perfekt med på returen og sjølv om ballen kjem raskt mot ho, avsluttar ho også på ein flott måte. Men dessverre går ballen utanfor. Store sjansar til Tambar! Dommaren bles like etter til pause.

I omgangen hadde også Tambar eit flott forsøk på frispark som Una tok frå langt hold. Ein god Førdekeeper fekk flikka skotet over. Una hadde også eit godt forsøk med ei headding på eit godt slått hjørnespark. For så vidt fortjent leiing til Førde, men med sjansane til Tambar heilt på slutten kunne det like gjerne stått 2-2.

Tambar er friskare i starten av 2. omgang. 2 spelarar framme gjev meir press mot Førde høgt i bana, noko som blant anna resulterer i fleire hjørnespark. Etter eit slikt hjørnespark får Førde klarert ballen og køyrer ei rask kontring. Det går så raskt at Tambar ikkje får organisert seg bakover og kjem på etterskot. Førde får avslutta kontringa og det står 3-1. Dette var ein ny kalddusj for bortelaget.

Førde kom til nye muligheiter og etter litt nøling i forsvaret viste Julie styrke med ei flott redning. Ikkje lenge etter var Førde på nytt frampå. Her vart også forsvaret litt passive og Førde var plutseleg foran med 4-1.

Men herifrå og ut vart det meir spenning og vi såg eit Tambarlag som kjempa og gav Førde langt meir motstand enn så langt i kampen. Tambar kom til fleire sjansar. Fride avslutta over. Spelet bølgar og snart er Førde frampå. Kun ein god Julie stoppar forsøket med ei flott beinredning i feltet. Og herfrå og inn er Tambar det førande laget. Leda av Julie bakerst som tok resten av forsøka til Førde. Fantastisk keeperspel og like godt forsvarsspel der Agathe leda forsvarsleddet på ein god måte. Ho vart flytta ned på stopparplass etter at Una hadde gjort sitt i kampen. Etter å ha vore litt småsjuk og med feber inn mot kampen, la ho ned ein flott innsats for laget.

Forsvarsrekka jobba godt med fleire gode inngrep av Trine, Hanne, Agathe og Silvia. Vidare kom etter kvart Stine til ei flott avslutning. Ho kjempa til seg ballen, lagar seg plass i kamp med fleire Førdespelarar og på hjørnet i feltet får ho avslutta hardt mot mål. Godt gjort av Stine, men Førde sin keeper rakk og reagere og fekk blokkert skotet.

Ikkje lenge etter fekk ein Førdespelar gå med ball frå høgresida på eigen halvdel og på skrått over midten mot Tambar si høgre side. Ho runda fleire Tambarspelarar og såg ut til å kunne komme forbi langs linja og få fri bane mot dørlinja. Men der møtte ho ei kald og roleg jente frå Eikelia i Naustdal på høgre backplass. Oppvokst eit steinkast frå stadion i Naustdal har ho nok sett mange angriparar forsere forbi på utsida av forsvarsspelaren. Men idet Førdespelaren skulle slå ball og forsøke og runde Silvia, sette ho kontrollert og med perfekt presisjon ut høgrefoten. Ho stoppar ballen, tek den med seg og slår ei perfekt pasning til medspelar. Eit av dagens høgdepunkt, flott gjort!

Forsvaret jobba hardt og bakerst stod Julie som ein vegg. Ho viste reaksjon av høg klasse og utførte ei flott redning på ei avslutning frå kort hald. Med full strekk og vel så det låg ho vassrett i lufta og fekk ei sikker hand på ballen og slo den ut til hjørnespark. Og dette var ikkje det einast tigerspranget. Fleire redningar av høg klasse den siste delen av kampen. Flott å sjå. Kan nokon røpe kva ho fekk i seg i pausen?

Og midt oppi dette så kom på nytt Tambar framover. Trur det var etter eit innkast litt inn på Førde sin halvdel at Amalie fekk ballen. I same posisjon som Førde sin spelar i 1. omgang ved deira 2-1 scoring. Med litt meir press gjorde Amalie ein flott manøver. Ho drog seg fri og la ballen til rette på høgrefoten. Alle veit at Amalie har eit godt tilslag og godt overblikk. Ho ser opp og ser ein Tambarspelar på veg fram på vår høgreside. Ein perfekt slått ball går over alle mot hjørnet av feltet. Der fullfører Kamilla eit perfekt løp, får kontroll på ballen på mesterleg vis og avsluttar kaldt og roleg i lengste hjørne med fleire Førdespelarar etter seg. Redusering og 4-2. Såg så enkelt ut men for eit samspel og prestasjon av dei to Tambarjentene. 2-1 scoringa til Førde var ei flott scoring, men 4-2 av Kamilla var vakkert samspel som gav eit vakkert mål i Parken. Så flott at bortesupporterane hoppa og jubla og det vart observert fleire foreldre som «debba» på sidelinja. Veit dokke ikkje trur det jenter men «Serr», eg er sikker på at eg såg det medan dokke jubla for scoringa : )

Flott avslutning av kampen, Tambar jaga vidare men det vart med den eine reduseringa. Gratulerer til Førde med sigeren. Men sjølv om Førde var betre enn Tambar i delar av kampen, viste jentene mykje flott både bakover og offensivt. Mot eit reint 14-års lag frå Førde, er kampen eit flott eksempel på at jentene kjempar og gjennomfører ein god bortekamp. Litt meir intensitet og uredd innstilling frå starten neste gang vi møter Førde 1, så kan dette resultatet fort revansjerast. Gratulerer jenter!

Før kamp var det snakk om hårklipping dersom laget spelte ein god kamp. I ein kort kommentar etter kampen sa Frank følgande til dagens referent: «God kamp av jentene, men det skal nok ein god del meir til før EG klipper håret kort». Då veit dokke kor lista ligg jenter ; ) Underteikna stiller derimot nyklipt kommande laurdag dersom det blir ein god kamp av laget kommande fredag. Lykke til : )

Og til slutt. Gratulerer med dagen til Ann-Kristin som feira saman med jentene i dag. Velfortjent bursdagssang fekk ho også. Tommel opp.

Ref: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse