Tambar SMJ 7er tapte mot effektive AHIL

SMJ 13/14 7er

Askvoll/Holmedal-Tambar 4-0 (2-0)

Tambar SMJ 7er måtte returnere frå Askvoll med 0-4 tap fredag kveld, eit resultat som ikkje stod heilt i samsvar med spel og sjanser i kampen.

Jentene til Askvoll/Holmedal hadde fått med seg at Tambar i siste kampen hadde påført Dale sitt første tap for sesongen, og starta kampen mot jentene våre med høgt press og tøffe taklinger. Dette førte til ei tidlig scoring til heimelaget, der Tambarjentene vart «tekne litt på senga».

Men Tambar jobba seg etterkvart inn i kampen, og var det førande laget store deler av andre omgang. Laget kom til mange gode sjanser framfor Askvoll-målet, blant anna med fleire gode skot frå avstand. Men verken desse, eller dei andre sjansane laget skapte, gav uttelling.

Derimot var heimelaget rimeleg effektive, og laga sitt andre mål på sin andre målsjanse i denne omgangen. Dermed var det Askvoll/Holmedal som kunne gå til pause med 2-0 leiing, eit resultat som ikkje stod heilt i stil med spel og sjanser.

Andre omgang vart meir jamnspelt, og noko mindre velspelt. Heimelaget ville nok trygge leiinga si no, og slo mykje langt i denne omgangen. Tambar på si side streva litt med å få til det heilt gode spelet, men skapte fleire sjanser som fort kunne blitt mål med litt meir tur.

Med ytterliggare to mål til AHIL, vart det 4-0 og heimesiger.

Sjølv om Tambarjentene måtte reise frå Askvoll med fire minusmål og 0 poeng, jobba laget godt mot eit bra fysisk heimelag, og resultatet kunne sett heilt annaleis ut om dei hadde vore like effektive framfor mål som heimelaget.

Desse spelte for Tambar i denne kampen: Stine, Wioletta, Kamilla, Cerina, Silvia, Victoria, Karoline, Fride, Ann Oline, Sofia og Guro.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse