Tambar SMJ 9er med solid kamp mot Førde 2

SMJ 9er
Naustdal stadion 16.mai

Tambar-Førde 2 5-1 (4-0)
1-0 Fride
2-0 Viktoria
3-0 Sjølvmål
4-0 Fride
4-1 Førde 2
5-1 Trine

BILDER FRÅ KAMPEN

På sjølvaste 16. mai, fotballens festdag, blei det festfotball når Tambar SMJ 9ar tok imot Førde 2 til kamp i dag.

Lett regn inn mot kampen satte ikkje dempar på stemninga. Når dommar Svein Norheim bles i gang kampen tok det ikkje lang tid før Tambarlaget var framme og pressa Førde tilbake på bana. Etter nokre forsøk på å komme laus frå forsvaret, stemte det meste for Fride som sette fart mot Førde sin keeper. Omtrent ved straffefeltet såg ho opp og plasserte eit hardt og godt skot til venstre for Førde sin keeper.

Spelet bølga litt på midten, men vi såg Tambarjenter med ein voldsom innsats og mykje fint spel der ballen vart slått ut på sidene og det vart skapt fleire sjansar. Høgt og godt press førte etter kvart til at Victoria fekk ballen på høgresida. Ein flott dribleserie førte til at ho kom seg laus og slo hardt inn framfor mål. Ballen vart forsøkt stoppa av ein Førdeforsvarar men den skifta retning og gjekk i mål bak ein utspelt keeper. Målet vert kreditert Victoria.

Ikkje lenge etter høyrde vi på nytt jubel over stadion. Referenten stod i kiosken når dette skjedde og fekk ikkje med seg detaljane, men ryktet seier at målet kom etter høgt press frå Tambarjentene som førte til at eit tilbakespel gjekk forbi keeper og i mål.
Tambar fortsatte presset sitt og spelte seg til fleire gode sjansar. Mot slutten av omgangen spelte Agathe ein ball i bakrommet og Fride avslutta perfekt og sette inn 4-0 til Tambar. 1. omgang vart etter kvart blåst av og laga gjekk til pause.

Etter ein kort pauseprat var plutseleg laga på veg på bana, ivrige etter å komme igang att. Dommaren rakk knapt å drikke ein halv kopp kaffi før han måtte skynde seg på bana for å starte andre omgang.

Omgangen starta med eit meir aktivt Førdelag. Etter omlag fem minutt spel kom Førde sin angripar åleine mot keeper og rakk akkurat å runde ein utrusande Julie før ho kunne sette inn ei redusering til bortelaget. Sjølv om Førde kom meir med var det framleis eit hardt kjempande tambarlag som jobba godt bakover på bana. Ved fleire høve var Julie ute i feltet og avklarte og rydda unna ballen framfor Førdespelarane.

Sjølv om spelet bølga meir i 2. omgang, så small det plutseleg på nytt frå ei Tambarjente. Faktisk smalt det så fort og hardt at fleire av tilskodarane ikkje heilt rakk og registrere kva som skjedde. Men på reprisen kunne vi tydeleg sjå at det var Trine som traff skikkeleg med venstre og keeper rakk ikkje å reagere når ballen stussa på det våte underlaget og gjekk i mål. Etter kvart gjekk kampuret mot slutten og med ei komfortabel leiing kunne jentene kontrollere sigeren.

Alt i alt vart dette ein fantastisk festkamp av alle. Fortjent siger til Tambarjentene og perfekt oppladning til feiring av nasjonaldagen. Nyt dagen i morgon jenter og ta med dagens opplevelse vidare til trening og ny kamp på fredag. Hurra for laget, to flotte kampar fredag og i dag!!! I morgon fortjener dokke ein is og ein brus ekstra.:)

God 17. Mai til alle !

Ref.: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse