Tambar påførte Dale sesongens første tap

SMJ 13/14 7er

Tambar-Dale 5-0 (1-0)
1-0 Amalie
2-0 Una
3-0 Stine 
4-0 Guro
5-0 Stine

Dommar: Vidar Standal

Fredag kveld, sol, ca 15 grader og nesten heilt utan trekk på stadion! Perfekt ramme for kveldens kamp der Tambar SMJ sitt 7-ar lag tok imot Dale, som ikkje har avgitt poeng så langt i sesongen, til kamp på stadion. Rundt 30 tilskodarar, to hundar, ein katt og ein flokk måker fekk oppleve to lag som var i godt kamphumør.

Dagens dommar, Vidar Standal, sette igang kampen og ganske tidleg tok Tambarjentene tak og pressa Dale bakover på bana. Jentene kriga og vant mange duellar. Etter 5 min kom dei første store sjansane med stolpeskot og redning frå keeper til Dale. Etter 10 min fekk Tambar ein av mange cornera i 1. omgang. Etter ein godt slått corner fekk Una headda flott mot mål, men ballen gjekk like over.

Tambar såg ut til å feste grepet og spelte seg fram til mange avslutningar etter flott spel og mykje gode pasningar, men det mangla litt på at avslutningane skulle gå i mål. Etter ca 20 min kom Dale til fleire store sjansar med mellom anna eit stolpeskot og eit farleg innlegg som gjekk rett gjennom feltet.

Spenninga var til å ta og føle på, kven skulle få det første målet? Like etter fekk Amalie kontroll på ballen litt over midten. Kaldt og rolig tok ho med seg ballen og utan press fekk ho gå nokre meter før ho såg opp og frå ca 15 meter fyrte av med høgrefoten. Ballen gjekk med ein perfekt dup over keeper og i mål. Ei vakker scoring av Amalie og Tambar gjekk fortjent opp til 1-0.

Etter scoringa fortsatte Tambarjentene å presse høgt og hadde etter 25 minutt fleire gode avslutningar etterkvarandre. Dale sin keeper redda fleire gangar og mot slutten hadde også Tambar eit skot frå Stine som gjekk i stolpen .

Til pause stod det 1-0. Innsatsen til jentene var solid frå Trine i mål og vidare gjennom eit solid forsvar og ei aktiv midtbane som var flink til å fordele ballar til medspelarar i bevegelse.

Underteikna rakk å registrere den gode svelelukta og ei lang kø framfor luka i kiosken der Dorthea, Janne Lene og Elisabeth styrte skuta. Med ansvar for frukt og kaffiutdeling til spelarar og lagleiarar, måtte det bli med tanken på å få sette tenna i dei gode svelene. Like etter gjekk fløyta for 2. omgang og då var det berre å la sveler være sveler.

Første store høgdepunkt kom etter ca 4 min då Victoria kom seg fint fri på kanten. Ho sette fart mot linja og la perfekt inn framfor mål. Mathea var berre millimeter frå å sette ballen i mål på bakre stolpe.

Etter 7 min kom endeleg mål nummer 2. Corner til Tambar og Agathe gjorde seg klar ved cornerflagget. Ein godt slått corner inn i feltet der Una fekk tid og rom til å sette panna kontant på ballen. Ei god heading og ballen låg i målet til Dale.

10 min ut i omgangen kom eit av mange høgdepunkt i kampen. Amalie, som no stod i mål, var våkent utanfor feltet og la eit langt framspel frå høgre mot venstrekanten der Mathea fanga opp og spelte flott gjennom til Fride. Åleine med keeper var Fride nære på å skli ballen i mål. Dale sin keeper var våken og rakk akkurat fram og fekk kontroll på ballen. Flotte prestasjonar!

Tambar festa no grepet og like etter var det ny corner til heimelaget. Stine fekk kontroll på ballen snudde seg kjapt og plasserte ballen fint i hjørnet bak Dale sin keeper, 3-0.

Etter 15 min vinn Stine ballen på midten. Ho avanserer framover, ser opp og ser Guro som har starta sitt løp mot mål. Ei perfekt pasning frå Stine går forbi Dale sin forsvarar og nevnte Guro fullfører løpet og kan kontrollert styre ballen forbi ein utrusande keeper, det står 4-0. På nytt flotte prestasjonar og samspel, noko tilskodarane veit å sette pris på med rungande applaus rundt bana.

Etter ca 20 min er Dale farleg frampå. På ein corner får ein Dalespelar ta ned ballen i feltet og skyt mot mål, heldigvis klarer forsvaret og keeper å rydde unna denne sjansen.

Dei einaste som svermar meir enn måkene over stadion denne flotte vårkvelden, er spelarane på bana. Sjølv om kampen roar seg litt mot slutten er det ikkje over endå.

Eit nytt stort høgdepunkt kjem etter 31 min når Stine slår ei flott pasning som Victoria tek fint med seg på høgresida og avsluttar like utanfor. Mot slutten pressar Tambar på og Kamilla jobbar på ein ball høgt inne på Dale sin halvdel. På det påfølgande kastet får Stine nok ein gang kontroll på ballen og avsluttar sikkert i mål. For dei som enno les kan eg no røpe at dette vart det siste som skjedde før Vidar bles av kampen. Sluttresultatet vart 5-0 til Tambar.

Flott og underhaldane kamp med god innsats frå heile laget!!! Honnør til Dalespelarane også som kjempa bra utan innbyttarar i dagens kamp. Kjekk fredagskveld på stadion! God helg til alle og vel møtt til ny småjentekamp tysdag 16. mai.

Troppen i dag var: Trine og Amalie stod kvar sin omgang i mål. Mathea, Kamilla, Wioletta, Victoria, Agathe, Una, Stine KB, Fride, Henriette og Guro.

Ref.: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse