Spennande kamp då SMJ 7er møtte Jølster 1

SMJ 7er

Tambar-Jølster 1 4-5 (2-3)
0-1 Jølster
0-2 Jølster
0-3 Jølster
1-3 Fride
2-3 Karoline
3-3 Fride
3-4 Jølster
4-4 Henriette
4-5 Jølster

BILDER FRÅ KAMPEN

Tambar SMJ 7-ar spelte fredag kveld heimekamp mot Jølster 1.

Kampen starta jamt med relativt «forsiktig spel» av begge lag.
Tambar fekk litt inn i omgangen eit par store sjansar som dessverre ikkje resulterte i scoring. Etterkvart fekk Jølster eit lite overtak i kampen sjølv om Tambar og hadde sine sjansar.

Jølster scora tre ganger før Tambar fekk litt meir fart på spelet mot slutten av omgangen. Fride reduserte til 1-3, og kort tid etterpå var Karoline framme og reduserte til 2-3 som var pauseresultat. 

I starten av 2. omgang fortsette Tambar det gode spelet som dei avslutta 1. omgang med, og utligna til 3-3 ved Fride. Jølster kom etter kvart meir inn i kampen igjen, og det vart jamnt spelemessig. Jølster gjekk opp til 3-4, men Tambar kom raskt tilbake og utligna til 4-4 ved Henriette. 
Etter dette var det fleire sjansar til begge lag, men det var berre Jølster som fekk ei scoring til. Dermed vart det eit knepent 4-5 tap. 

Vidar Standal gjorde ein god jobb som dommar.

Ref.: Arild Bruflot


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse