Knepent tap for Tambar SMJ 7er

Tambar sitt småjentelag stiller i år med både 9er og 7er lag, der spelargruppa på heile 21 spelarar totalt, rullerer med spel på begge laga.

Fredag kveld var 7er laget i aksjon i sin andre kamp for sesongen, då dei møtte Hyllestad til kamp på Naustdal stadion.  Småjentelaget sin toppscorer, Stine Kibsgaard Bolsø (bilde), var frampå og laga Tambar sine to mål i fredagens kamp, og står dermed med 6 scoringar etter tre spelte kampar.

SMJ 13/14 7er

Tambar-Hyllestad 2-4 (0-1)

0-1 Hyllestad
0-2 Hyllestad
1-2 Stine 
1-3 Hyllestad
2-3 Stine
2-4 Hyllestad

I kveld spela Tambar sin første heimekamp for sesongen, som var mot Hyllestad. Kampen starta jamnt med nokre sjansar til begge lag. Det var Hyllestad som fekk den første scoringa litt ut i omgangen, som ein kan sei var av den litt heldige sorten. Resten av omgangen var fortsatt jamnspelt, men ingen fleire scoringar før pause.

Tidleg i 2. omgang fekk Hyllestad ein stor sjanse og dei la på til 2-0. Etter dette fekk Tambar eit lite overtak spelemessig og hadde blant anna eit skot i tverrliggaren, før Stine sette inn redusering til 1-2.  Hyllestad kom imidlertid ganske raskt tilbake og sette inn sitt tredje mål.

Tambar kjempa godt i denne perioden og Stine reduserte ein gang til, til 2-3. Tambar jaga no utligning, men det var Hyllestad som hadde marginane mest med seg i kveld. Dei sette inn ei scoring på corner mot slutten av kampen og vann til slutt 4-2.

Vidar Standal var god dommar.

Ref.: Arild Bruflot


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse