Målkalas då småjentelaget vann borte mot Førde

SMJ 9er

Førde 4-Tambar 0-8 (0-2)

0-1 Stine
0-2 Henriette
0-3 Una
0-4 Una
0-5 Stine
0-6 Henriette
0-7 Fride
0-8 Stine

BILDER FRÅ KAMPEN

På ei vårgrøn bane i Hafstadparken, starta SMJ-9ar sesongen med ein flott bortesiger mot Førde 4. Etter ein litt nervøs start på kampen av begge lag, løsna det etter kvart for Tambar som kunne reise heim att med 8-0 siger.

Første halvdel av 1.omgang bølga spelet fram og tilbake og med fleire sjansar til begge lag. Skot frå Tambarjentene like utanfor og i tverrliggar og fleire gode redningar frå Tambar sin målvakt Julie, gjorde at det lenge stod 0-0. Men Tambar spelte seg meir inn i kampen og pressa på mot Førdeforsvaret og deira keeper. Mål låg i lufta og Stine satte inn 1-0 med eit godt skot etter å ha rykka ifrå forsvaret. 2-0 kom frå Henriette og dette resultatet stod seg til pause.

Pausen gjorde tydelegvis godt og med regnboge over Førde i starten av 2. omgang kom eit friskare Tambarlag godt igang. Una scora mål nummer 3 og 4, begge to kom etter corner. 5-0 var eit faktum etter gjennomspel til Stine som kom fri omlag på midten og storma mot mål. Keeper redda først men returen sette ho roleg i mål.

Henriette var på nytt frampå og plasserte ballen fint i lengste hjørne, 6-0. Ikkje lenge etter tok Fride med seg ballen og skar inn frå sida. Ny fin scoring og med det 7-0.

Siste mål kom frå Stine som med det enda opp med 3 mål i kampen. Flott innsats av laget som jobba godt gjennom kampen både framover og bakover på bana. På stillinga 8-0 så viste dei bakre rekker og Tambarkeeper sterk innsats, og saman fekk dei avverga ein stor sjanse til Førde i sluttminutta. Bilder frå kampen kjem etter kvart. 

 

Ref.: Ludvig Slettehaug


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse