Tambar SMJ 7er starta sesongen med borteseier mot Gaular

Tre lag frå Tambar Fotball var i aksjon i ruskeværet torsdag kveld, der alle laga spela bortekampar. Tambar G12 reiste til byen i vest, Florø, medan J12 og 7er laget til småjentelaget tok begge turen til Sande med kampar mot Gaular.

Resultat frå kveldens kampar:

G12 Florø 1-Tambar 3-5
J12 Gaular-Tambar 5-2
SMJ 7er Gaular-Tambar 2-5

 

SMJ 13/14 7er avd.2

Gaular – Tambar 2-5 (1-3)
1-0 Gaular
1-1 Sofia Berntsen Lama
1-2 Una Claussen Thingnes
1-3 Stine Kibsgaard Bolsø
1-4 Una Claussen Thingnes
1-5 Cerina Hjelle Cirotzki

Gaular gjekk offensivt ut i starten og fekk ei tidleg scoring.
Etterkvart kom Tambar meir og meir inn i kampen og det jamna seg ut spelemessig.

Tambar utlikna etter scoring av Sofia og fekk etter dette eit lite overtak. Omlag midtveis i omgangen scora Una på eit frispark frå midtbana, og Stine la på til 3-1. Dette var pauseresultatet. 

I 2. omgang fortsette Tambar det gode spelet. Una fekk prøve ei meir offensiv rolle på bana, og la på til 4-1. Cerina kopierte nesten scoringa til Una frå første omgang ved å skyte eit frispark frå midtbana via keeper og i mål og 5-1.

Mot slutten av kampen fekk Gaular ei scoring til, men seieren var aldri trua. Sluttresultat 5-2.
Super innsats av alle og ein god start på sesongen.

Ref: Arild Bruflot


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse