God kamp av småjentelaget trass knepent tap

Tambar sitt småjentelag, J13/14, spelar denne veka sluttspelkampar mot Hyllestad og Gaular, og møtte tirsdag kveld jentene frå Hyllestad i sin fyrste kamp.

Sist laga møttes i seriespelet, vann Hyllestad heile 8-0.

I kveldens kamp på Naustdal stadion var det ein sjansefattig fyrste omgang vi fekk sjå. Og ikkje var det ein opplagd målsjanse då Hyllestad gjekk opp til 1-0 midtvegs i omgangen. Ein uheldig klarering i Tambarforsvaret vart etterfulgt av eit skot i «blinde», som uheldigvis havna bak Tambarkeeperen.

Bortsett frå målet til gjestane, hadde begge laga kvar sine to sjanser som ikkje gav uttelling.

I andre omgang fortsette jentene frå Tambar den gode jobbinga ute på bana, og var rimeleg solide i forsvar. Dette gjorde at Hyllestad ikkje kom til mange målsjanser i denne omgangen, og sjansane dei fekk rydda Tambarkeeper flott opp i.

Framover på bana vart det også bedre for Tambar i denne omgangen, og laget hadde fortent ei scoring eller to etter fleire gode forsøk. Men dessverre for Tambar, vart det berre med den eine scoringa som Hyllestad stod for i første omgang, og kampen enda med 1-0 seier til gjestane.

Til tross for eit knepent tap for småjentelaget i kveld, tykkjer vi laget fortener mykje ros for innsatsen og jobben jentene la ned i desse to omgangane. I tillegg må det også nemnast at laget frå Hyllestad speler med to 15 åringar kampen igjennom, i tillegg til 14 åringar.

Bjørn Hundershagen hadde god kontroll som dommer.

Torsdag speler Tambar bortekamp mot Gaular.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse