God start på haustsesongen for småjentelaget

Tambar sitt småjentelag (J13/14) starta haustsesongen tirsdag kveld, då dei møtte Førde 3 til kamp på bortebane.

Og Tambarjentene må ha brukt sommarferien godt, for kampen mot jentene frå Førde må være ein av dei beste dei har spelt denne sesongen. Då laga møttes på Naustdal stadion i vår, var Førde det klart beste laget og vann kampen heile 8-0.

I tirsdagens kamp ville Tambarjentene det annaleis. Jentene la ned mykje god jobbing kampen igjennom, og viste til tider flott spel. Særleg andre omgang, då det meste skjedde på Førde 3 sin banehalvdel, var imponerande.

Kampen enda 2-2 og poengdeling, og var ein flott start på haustsesongen.

Dette refferatet har vi fått frå fungerande trener Svein Arne Nordheim:

Førde 3 – Tambarskjelvar J13/14   2-2 ( 2-0 )

Tambar småjentelaget spelte sin første haustkamp tirsdagskvelden, og dette ble en stor opptur for jentene.

Etter 0-8 tap for dette Førdelaget rett før sommarferien, så var det ein spent gjeng  som reiste til Førde tirsdagskvelden. Men, all respekt for motstandaren blei lagt igjen på sidelinja, og jentene leverte årsbeste på bana.

Første omgang var ein jevn affære, men Førde skapte nok litt meir, og etter ca en halvtime, fekk dei uttelling. Etter først eit forsøk i tverrliggaren, fekk dei 2 kjappe mål som gjorde at dei kunne gå til pause med ein 2-0 ledelse.

Andre omgang startet med eit mykje større Tambarpress, og ein følte på seg at reduseringa snart ville komme. Halvvegs i omgangen finner Una ei fremadstormende Fride med ein utsøkt pasning. Fride stormar igjennom Førdeforsvaret og setter ballen kontrollert forbi Førdemålvakta. Fortjent redusering til 1-2.

Tambar jentene fortsetter presset, og etter eit utall med hjørnespark, samt mykje spel inne på Førde sin banehalvdel, får Henriette drømmetreff frå ca 10 meter. Ballen klistrer ho i vinkelen, og utligninga til 2-2 er eit faktum.

Etter dette ble det meir stillingskrig, og kampen ebbet ut med 2-2. Alt i alt eit rettferdig resultat.

Tambarjentene visste ein fantastisk lagmoral, dei jobbet steintøft i alle duellar, samt forsøkte ( og lyktes ofte ) med til tider flott pasningsspel.

Hausten kan bli artig.

Disse var med: Stine, Sofia, Una, Hanne, Viktoria, Trine, Dorthea, Agathe, Henriette, Fride, Amalie, Guro.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse