God innsats av småjentene mot sterkt Førdelag

Jentelaget møtte tirsdag kveld Førde 3 til kamp, og det skulle vise seg at det var eit sterkt Førdelag Tambarjentene skulle få bryne seg på.

Satningslaget frå Førde var eit teknisk godt lag med kjappe og tøffe jenter. Men Tambarjentene viste at dei var tøffe dei og, og stod godt imot presset frå Førdejentene.

Men dei måtte tåle å sjå nokre baklengsmål, der fleire av måla var av den heldige sorten. Sjølv om laget låg under med 0-5 til pause, viste Tambarjentene innsats og vilje også i andre omgang. Laget kom også til nokre målsjanser i denne omgangen. Og med litt tur kunne dei ha scora eit mål eller to.

Berre to mål vart det til Førde i denne omgangen, som vann kampen 7-0.

Dan Joar Vårdal Hoiås hadde god kontroll som dommer i kampen.


 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse