Småjentelaget spela ein jamn KM-kamp mot Syril i dag

Det vart ein jamn kamp då Tambar og Syril møttes til den andre KM-kampen på Naustdal stadion i dag. Sjølv om Tambarjentene måtte dra frå Leikanger med stortap i den første kampen på onsdag, ville dei vise seg frå ei anna side for dei oppmøtte publikummarane i dag.

Det var Syril som kom best i gang med kampen i dag, og gjekk opp i 2-0 litt inn i første omgang. Men Tambar datt ikkje i kjellaren eller hang med hovudet av den grunn, og jobba seg godt inn i kampen att og henta opp leiinga til gjestane med to scoringar. Syril klarte å putta endå eit mål i første omgang, og laget leia 3-2 til pause.

I andre omgang presser Tambar på for nok ei utligning, men istadenfor er det Syril som aukar leiinga til 4 og 5-2. Tambar vert belønna med si tredje scoring på slutten av omgangen, og kampen ender med ein 5-3 seier til gjestane frå Syril.
Målscorar for Tambar i dag var Elise Dobbe Personbråten, Nikoline Tomassen og Julie Solhaug Dale.

Dermed kan Syriljentene motta pokalen frå SFFK sin representat, Mona Ødegard. Og sjølv om det vart tap for Tambar for andre gang på få dager mot Syril, kan dei være godt nøgde med dagens kamp. Laget spela jamt med kretsmeisterane, som var noko meir effektive enn Tambarjentene.

Vi gratulerer jentene med flott innsats i serie- og KM-kampane.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse