Tøft for småjentelaget i KM-kampen mot Syril

Dei fekk det tøft, Tambar sitt småjentelag, då dei spelte den fyrste KM-kampen mot Syril på bortebane onsdag kveld. Heile 13-2 til Syril var vel eit resultat trenar og spelarar ikkje hadde drøymt om før kampstart.

Syril har dei seinare år hatt svært gode aldersbestemte lag, og særleg på jentesida, og har hevda seg i blant anna Norway Cup fleire år på rad. Sjølv om heimelaget var best i denne kampen, lyg resultatet litt. For Tambar var heilt klart med på notane og spela i perioder jamt med Syril, særlig i andre omgang.

Måla til Tambar vart scora av Lena Einevoll og Ingrid Ask Nordnes.

Sjølv om spenninga vart litt borte når laga skal møtast til den andre kampen på søndag, håper vi folk tek turen til Naustdal stadion og heier på jentene. For uansett har småjentelaget hatt ein flott sesong.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse