Småjentelaget vart avdelingsvinner og klar for spel om KM-tittel i kveld

Tambar Fotball sitt småjentelag vart i kveld avdelingsvinner etter at laget vann 9-3 mot Gaular. I tillegg til avdelingsvinner-tittelen, skal laget ut i to kampar og spel om KM-tittelen.

Kampen på bortebane mot Gaular i kveld vart spennande berre i ein omgang, etter at Tambarjetene gjekk til pause i ein jamnspela fyrste omgang med ein knapp 3-2 leiing.
I andre omgang tok Tambar over styringen i kampen, og hadde full kontroll omgangen ut. I denne omgangen scora laget heile seks mål mot Gaular sitt eine, og laget kunne gå jublande av bana med ein konfortabel 9-3 seier.

Elise Dobbe Personbråten vart laget sin toppscorer i kveld, etter at ho fekk nettkjenning heile fem gonger bak Gaularkeeperen. Ingrid Ask Nordnes scora tre medan Julie Solhaug Dale putta eit mål.

PS. Flott gest frå Gaular sine spelarar, som kom etter kampen med kake til Tambarjentene og gratulerte med seier i dagens kamp og som avdelingsvinner !!

Dermed vart sesongen endå lenger for dei flinke avdelingsvinnarane, og laget skal ut i sin fyrste kamp om KM-tittelen allerede neste veke. Motstander i dobbeltkampen som skal avgjere kven som kan heve KM-pokalen, vert spelt mot Syril. ( For dei som ikkje veit kor Syril kjem frå, kan vi fortelle at klubben høyrer heime på Leikanger, den finaste bygda i Sogn).

Kampane vert spelt onsdag 9.oktober og søndag 2.november. Kven som får heimebane først, er enno ikkje avklart.

Vi gratulerer laget og trenar Tore Personbråten og ynskjer dei lukke til i KM-kampane!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse