Småjentene laga målfest mot Hyllestad i kveld

Tambar sine småjenter laga målfest då dei vann heile 13-1 mot Hyllestad på Naustdal stadion i kveld. Laget tok dermed eit skikkeleg grep om tabelltoppen, og vil med seier i siste seriekamp neste veke bli vinnar av pulja si.

I kampen i kveld var Tambarjentene fleire hakk bedre enn motstandaren, noko også resultatet tydeleg viser og laget kunne ha scora mange fleire mål enn dei tretten dei sette i nota i kveld.
Mange av måla kom etter svært god angrepsfotball, teke rett ut frå fotballens lærebok.

For dei forfrosne tilskuarane som følgde kampen på sidelinja, varma det gode spelet til Tambarjentene i kveld. Laget har hatt ein flott utvikling denne sesongen med trenar Tore Personbråten, og laget viste også i kveld flott innsats og god jobbing i alle lagdeler.

SMJ Tambar-Hyllestad 13-1 (9-0)

1-0 Nikoline Tomassen
2-0 Sjølvmål
3-0 Ingrid Ask Nordnes
4-0 Julie Solhaug Dale
5-0 Lena Einevoll
6-0 Elise Dobbe Personbråten
7-0 Elise Dobbe Personbråten
8-0 Lena Einevoll
9-0 Nikoline Tomassen
10-0 Ingrid Ask Nordnes
11-0 Elise Dobbe Personbråten
12-0 Ingrid Ask Nordnes
12-1 Hyllestad
13-1 Lena Einevoll

Dommer: Svein Arne Nordheim

Bilde: God stemning hjå spelarar og trenar ved pause i kveldens kamp, der også maskoten til småjentelaget har ein viktig rolle.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse