Ny jubel for småjentelaget mot Hyllestad i morgon?

Tambar sitt småjentelag møter i morgon Hyllestad på Naustdal stadion, noko som er den siste heimekampen for jentene denne sesongen.

Småjentene har hatt ein veldig god sesong, og laget ligg før kampen i morgon heilt på toppen av tabellen. Dermed kan det bli svært spennande for laget i dei to siste kampane, der jentene til trenar Tore Personbråten kjempar med Askvoll/Holmedal om å bli puljevinnar, og ligg berre eit poeng framfor AHIL.
Kven av laga som ligg på toppen av tabellen ved sesong slutt får vi vite neste helg, der Tambar avslutter sesongen på bortebane mot Gaular.

Kampen mot Hyllestad i morgon starter kl.19.00, der Svein Arne Nordheim er dommer.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse