Nesten halve småjentelaget uttekne på sonelaget

Heile tre spelarar frå småjentelaget til Tambar Fotball er uttekne på Sparebanken Sogn og Fjordane-serien i haust. SSF-serien er det nye navnet på sonelaga som er i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets og sparebanken. Dermed er nesten halve laget til Tambar komen med på sonelaget, der småjentelaget til Tambar tel totalt åtte spelarar.

Frå småjentelaget til Tambar er Elise Dobbe Personbråten (2001), Ingrid Ask Nordnes (2001) og Lena Einevoll (2000) blitt tekne ut til sonelaget Sunnfjord, der totalt 19 spelarar er med i troppen.

Sonelaget skal i haust ha tre samlingar, der laget skal møte dei andre sonelaga Nordfjord og Sogn til kamp, der fyrste kamphelg vert lørdag 18.oktober på Reed.
Troppen til sonelaget Sunnfjord G2000/01 vert klart etter sonesamling søndag 12.oktober.

Heile uttaket og speleplan i haust, finn du her: http://www.fotball.no/Kretser/sogn_og_fjordane/Spelarutvikling/Aktuelt/Uttak-til-SSF-serien-haust-2014/

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse