Småjentelaget på tabelltoppen - Elise og Lena utteken på kretslaget

Tambar Fotball sitt småjentelag har festa grepet i sin avdeling, og etter 3-2 seieren mot Lavik forrige fredag tronar laget på toppen av tabellen. Laget til trenar Tore Personbråten har berre tapt to av dei tolv spelte kampane sine, og ligg før både Askvoll/Holmedal og Gaular før dei siste to kampane sine.

Småjentelaget har no spelefri til 17.oktober, då dei møter Hyllestad, som vert laget sin siste heimekamp for sesongen. Om laget får spele om KM-tittelen får vi kanskje ikkje vite før utfallet i den siste kampen til jentene, der dei møter Gaular på bortebane 24.oktober.

Med gode prestasjoner av laget denne sesongen, har også Sogn og Fjordane Fotballkrets fått opp augene for kvaliteten til Tambarjentene. To av spelarane er no tekne ut til to av SFFK sine kretslag. Tidligare har vi hatt omtale av Elise Personbråten og hennar uttak til J2001 sitt kretslag. Også Lena Einevoll (bilde) er no blitt utteken blant dei beste i fylket, og skal delta på tre samlingar i haust med J2000 sitt kretslag.

Vi ynskjer småjentelaget lukke til i sesonginnspurten, og grtulerer Elise og Lena med uttaket !

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse