Småjentelaget overtok tabelltoppen etter 7-2 mot AHIL

Tambar Fotball sitt småjentelag passerte før helga sin argaste konkurrent Askvoll/Holmedal, då dei slo laget heile 7-2 på AHIL si heimebane. Fyrste omgang var ein jamnspelt kamp mellom laga, medan Tambar styrte kampen i andre omgang og vann ein fullt fortent seier.

Dermed klatra laget til trenar Tore Personbråten forbi Askvoll/Holmedal på tabellen og har dermed sjansen til å spele om kretsmeisterskapet om laget held denne plassen ut haustsesongen.

Tambarjentene er tydligvis i form for tida og scorer masse mål. Dei tre siste kampane har gitt desse resultata:

Eikefjord-Tambar 3-7
Tambar-Dale 7-2
Askvoll/Holmedal-Tambar 2-7

Laget har berre tre kampar att av sesongen, der dei møter Lavik i sin neste kamp heime på Naustdal stadion fyrstkomande onsdag.
I dei to siste kampane møter Tambar Hyllestad heime og Gaular borte.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse