Småjentelaget ute av Norway Cup etter flott innsats

Tambar sitt småjentelag gjekk på sitt fyrste tap i årets Norway Cup då dei tapte 2-4 mot Hunstad i dagens 8.delsfinale. Dermed vart det ikkje kvartfinaleplass for dei flinke småjentene frå Naustdal i morgon.

Det var Hundstad som kom best i gang i dagens kamp, og sette inn tre kjappe mål tidlig i første, og sitt fjerde mål fekk laget like før pause. Med 4-0 til pause, såg det mørkt ut for avansement til kvartfinalen for laget til trenar Tore Personbråten.

Men Tambar hadde tydelegvis ikkje gitt opp håpet om kvartfinaleplass, og var det klart beste laget i andre omgang. Og etter at Hege Gjesdal reduserte til 1-4 tidleg i andre omgang, var det nokre på sidelinja som fekk att eit lite håp om at dette kunne gå.

Trua vart endå større når Hege nok ein gong reduserte, og stillinga var 2-4. Men dessverre for Tambargjentene vart det ikkje fleire scoringar, og kampen enda med 2-4. Men jentene skal ha for at dei prøvde og ikkje gav opp, sjølv om det såg noko håplaust ut etter 1.omgang.

Sjølv om jentene var skuffa etter deira aller første tap i den store turneringa, har laget gjort ein framifrå innsats på Ekebergsletta. Ein må også ta i betrakting at laget som spela i klasse J14, berre har tre spelarar som er 14 år. Dei sju andre spelarane er 13.

Vi gratulerer trenar og spelarar med flott innsats!!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse