Tambarjentene jublar for avansemet til 8.delsfinale

Foto: Ann Kristin Dobbe Personbråten

Det vart ein spennande kamp då Tambar sitt småjentelag møtte Hessa 1 i dagens 16.delsfinale på Ekebergsletta. Laga måtte ut i ekstraomganger, men heller ikkje der klarte laga å avgjere kampen.

Tambar fekk ein god start på kveldskampen på bane 15 på Ekebergsletta. Allerede etter 6 minuttar spel gjekk laget opp i 1-0 leiing, då Elise Personbråten var frampå og scora for Naustdalsjentene. Det såg ut til at Tambar skulle klare å halde denne leiinga til pause, men like før dommaren bles fekk Hessa ein viktig utligning.

I andre omgang var det ingen av laga som klarte å sette ballen i nota, og heller ikkje i 2x5 minutter ekstraomganger klarte nokon av laga å score. Dermed skulle kampen og kven av laga som skulle gå vidare til 8.delsfinalen avgjerast på myntkast. Her var det trenar Tore Personbråten som drog det lengste strået, og jentene kunne juble for vidare avansement til 8.delsfinale i morgon.

Desse jentene spelar på Tambar sitt lag under Norway Cup:
Nikoline Tomassen, Lena Einevoll, Oline Stavang Birkeland, Sandra Hoff Grimset, Ingrid Ask Nordnes, Martine Solheim, Julie Solhaug Dale, Elise Dobbe Personbråten, Hege Gjesdal og Mariell Loftheim.

Vi gratulerer jentene med den flotte prestasjonen og ynskjer dei lukke til i 8.delsfinalen som starter kl.13.50 i morgon.

Mest trulig vil du også kunne fylje den kampen LIVE på vår Facebook-side: https://www.facebook.com/pages/Tambarskjelvar-IL-Fotball/319713400579?ref_type=bookmark

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse