Småjentelaget klar for A-sluttspelet i Norway Cup

Foto: Ann Kristin Dobbe Personbråten

Tambar Fotball sitt småjentelag vart i ettermiddag klar for 16.dels finale i A-sluttspelet i Norway Cup.
Laget vann i dag over den argaste motstanderen til Tambar i pulja, og kunne gå av bana med 4-2 seier over Gransherad IL frå Telemark. Dermed vart laget til trenar Tore Personbråten vinnar av pulje 10 etter å ha vunne to kampar og spelt ein uavgjort. Dagens motstander Gransherad gjekk også vidare til A-sluttspelet.

Tambar sine kampar i puljespelet:
Torvastad-Tambar 0-10
Tambar-Storsteinnes 4-4
Gransherad-Tambar 2-4

Tambar møter vinnaren i 32.delsfinalen som blir spelt mellom Spjelkavik og Hessa. Tambar sin kamp i 16.delsfinalen går kl.20:15 i morgon kveld. Vil du fylje kampen Live, kan du møte opp på bane 15 på Ekebergsletta.

Vi gratulerer jentene med innsatsen så lang, og ynskjer dei lukke til i morgon!

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse