Småjentelaget med storseier i Norway Cup i dag

Tambar Fotball sitt småjentelag deltek i årets Norway Cup, og laget spela sin fyrste kamp på Ekebergsletta i dag. Småjentelaget fekk ein knall åpning på denne store turneringa i Oslo, og kunne gå av bana med brakseier over Torvastad frå Rogaland og vann heile 10-0.

Trenar Tore Personbråten var sjølvsgt svært nøgd med jentene etter åpningskampen, og letta over å få lagets fyrste seier i den fyrste kampen. Tore fortel om ein noko nervørs og famlande start for Tambarjentene, men etter å fått sin fyrste scoring, hadde laget full kontroll på kampen. Noko vi også kan sjå i målprotokollen.

Tambar fekk heile sjul målskorarar i kampen, der dei leda 3-0 til pause.

Desse scora for Tambar: Hege (2), Elise, Oline, Julie, Ingrid, Nikoline, Mariell.

Neste kamp spelar Tambarjentene i morgon, og skal då møte Storsteinnes frå Troms. Kampstart er kl.09.00.
Den siste kampen i gruppespelet spelar jentene mot Gransherad IL frå Telemark på tirsdag kl. 15.40.

 Del denne siden på Facebook:

 Send meg artikler pr epost:

Registrer epostadresse